Søndagsturtips

Skogsundag

Gå av stien, senk tempoet, og finn sundagsro i skogen.

Tekst og foto: Kristi Guldberg

– Sjå kor nydeleg. Det ser ut som me er med i ein teikneserie! ropar seksåringen.

Me er alle overraska og lukkelege over at sola skin, for me hadde budd oss til ein regntung dag i skogen. Tarpen ligg i sekken, men me får ikkje bruk for den i dag.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Etter skogsturen samles alle skattene oppi en pyntet pappeske.

Eit nyttårsforsett

Skogsundag er eit nyttårsforsett me starta på i koronaåret. Kvar sundag skal me ut i skogen. Nokre sundagar går me framleis heilt vanleg tur, med kursen staka ut og eit klart mål i sikte, men på skogsundagane vil me berre oppleve skogen. Då går me av stien, og vassar i høgt kratt, lyng og kjerr. Me synk ned i mose, eller basar i snø, og brukar lang tid på å gå kort tur. Det er så mykje kjekkare å gå i ulendt terreng enn på grus og sti, og det er bra for både korte og lange bein å utfordre seg sjølv. Ein blir fortare svett og andpusten når ein ikkje føl stien, og det er spanande å sjå kor me hamnar.

Åleine i skogen
Me treffer sjeldan på andre folk på desse turane. Av og til høyrer me stemmer, og då hysjar me på kvarandre, leikar spionar, og prøver å finne ut kor lydane kjem frå. Om me finn noko som liknar på stiar er det som regel hjortetråkk. Då ser me på kor hjorten har valgt å legge faret sitt, og diskuterer kor det er lurt at me går. Tenker me likt som hjorten? Me ser på terrenget, om det er myr eller berg, for bratt eller heilt overkommeleg. Me likar oss best i furuskog, der det er lyst, luftig og ope. Yngstemann får bestemme kor me skal gå.

– Me kan gå der det er sol, kanskje opp på den haugen der? – Her er det sånne mosetuer som det er deilig å hoppe ned i. – Hugsar du den gongen då me berre rulla og rulla oss nedover, pappa?

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Med småved og småbriketter i sekken, får man fyr i en fei

Leirbål
Når me finn ein perfekt plass lagar me leir. Det må vere i ly for vind, og ein stad der det er godt å liggje. Me legg ut liggeunderlag og tenner bål. Kanskje heng me opp hengekøye. Hvis det regnar eller snør, set me opp presenning til tak mellom trea. Så et me niste og drikk kaffi og kakao. I staden for å lage mat på bål, fyrer me for kosen og for å halde varmen slik at me kan vere ute lenge. Veden og den varme drikka har me med oss i sekken. Me kunne brukt tid på å sanke ved i skogen, brukt tennstål, kokt vatn på primus, laga pinnebrød, eller steikt pannekaker, men me vel heller å bruke tida på å fortelle vitsar rundt bålet.

Ikkje så hektisk
På denne måten er både tida før me kjem oss ut, og den tida me er ute i skogen mindre hektisk. Det er lett å kome seg avgarde, og me treng ikkje planlegge eller førebu oss så mykje. Tørr og fin småved i sekken gjer at det fort blir bål. Boller eller brødskiver til niste gjer at me kan ete akkurat når me har lyst. Så har me god tid til å vere saman. Prate saman. Vere stille. Spikke litt. Bygge snøhule. Finne ei tjukk grein som kan vere ein hest ein kan klyve opp på ryggen på. Høyre på vinden mellom trea. Finne ro.

Saken fortsetter under bildet


Foto: Tommel opp for oppholdsvær! 

Fantasi og skogskattar

I skogen spring fantasien av garde med seksåringen. Det ho ser set i gang historiar. Ein gong er ho leiaren av ein gaupeflokk på jakt. Andre gonger leitar ho etter smurfar under rotvelta tre, eller leikar at me er ein familie som er på flukt i skogen. Spor etter hus og restar etter gamle steingardar blir til spanande forteljingar om dei som har budd her før. Skal me på langtur, eller opp på ein fjelltopp, må me ofte motivere litt undervegs. Kanskje må me invitere med oss ein turvenn, eller ha noko ekstra godt på lur i sekken. Men på skogsundagane treng me ikkje å motivere. Føtene og praten går av seg sjølv. Så mange ting dukkar opp som me må kikke på. Me har med ein tom pose i lomma, og i den kan me samle skogskattar å ta med heim. Ein fin stein. Eit blad som har skifta farge. Nokre kongler eller hasselnøtter.

Ei pappøskje blir ei fin skogskattekiste. Vi pyntar øskja utanpå, og lagar fine små rom inni av pappbitar og teip. På neste skogsundag finn me sikkert noko anna som me vil putte i skattekista.



Tips til ein roleg skogsundag:

• Gå av skogsvei, grusvei og turstiar og ut i terrenget. Ein treng ikkje gå langt av stien for å føle at ein er aleine i skogen og langt
frå sivilisasjonen.

• Senk ambisjonsnivået. Ein treng ikkje alltid lage avansert mat på bål, eller ta med primus kvar gong.

• Ha tørr småved og opptenningsposar/-brikker i sekken, slik at det fort
blir fyr på bålet.

• Gjer sekken klar til ny tur alt når du kjem heim og pakkar ut frå den forrige turen. Småved, fyrtøy, dopapir, førstehjelpsutstyr, spikkekniv, ekstratøy, hengekøy, tarp og liggeunderlag kan ligge klart i sekken, så er det berre nista som skal på plass før ein kjem seg avgarde.

• Lag ein regel om at ein skal ut i skogen på ein fast vekedag.Når det blir ein vane er det ingen som stiller spørsmål ved det;
då er det ei forventning som alle deler.

• Fri deg frå tanken om at ein må aktivisere barna heile tida. Det er gøy med konkurranse, toppturar, rebus og natursti, men det er godt og viktig å få lov til å berre vere i naturen også. Tanken og fantasien trivst best når ein senker tempoet og ikkje har så tett program.

Flere forslag til aktiviteter