Arrangement

Paaskebilde-kopi.jpg

Sesongåpning med påskeaktiviteter

Ta turen ut til Lyngheisesenteret og bli med på påskeaktiviteter

Påska = Endeleg sesongåpning!
Ope Skjærtorsdag 28. mars. Langfredag 29. mars og fyrste påskedag 31.mars, kl 12 - 17
Det vert påskeaktivitetet for små og store - inne og ute. Hesteskokasting, gå på stylter, påskequiz i familieløypa, aktivitetsbord med bl.a tegning, pusling og nålefilting, Vi har også ulike aktivitetspakker du kan kjøpe med deg heim. Film & utstilling - lær om det nøysame livet til fiskarbøndene og korleis dei tok vare på dei viktige kystlyngheiene. Her er korte og lengre turløyper, langgrunn badevik og fine fiskeplassar. Matstova er open og byr på saltmat og søtmat av lokale råvarer. Påskespesialiteten er Lammeskank av villsau. I museumsbutikken finn du lokale varer som lynghonning, villsaugarn, saueskinn av villsau og gamalnorsk spel i tillegg til andre ullprodukt. Vi har også bøker, spel og barneleikar i tillegg til is og kalde drikker.
Hjarteleg velkomen!

 

PS! Vi gjer merksame på at vi held stengt i veke 14 (veka etter påske)
Frå 10. april har vi vanleg ope, fram til 1.oktober. (Onsdag, torsdag og fredag: 11.00 – 15.30. Sundag: 12.00 – 17.00)