Arrangement

019EBxErBwRFy.jpeg

Familiesøndag: Gardsbesøk og Livet i fjøra

Uteaktiviteter: Denne dagen blir det todelt familiedag på Lyngheisenteret. Vi startar med beøk på Magnusgarden. Her kan du helse på spelsauene våre og sjå alle dei søte lammene. Møt opp på snuplassen kl 12. Kl 13 går vi ned i Naustvika med "Livet i fjøra" som tema. Her kan du lære om kva som røyrer seg blant fjæresteinane. Vi har diverse utstyr for utlån, som håver, vannkikkert, kasteriver, bøtter etc, og plansjer som viser noko av det du kan finne. Det går mot sommar og fjorden er varmare. Er du tøff så kan du ta deg eit friskt bad! Prøv gjerne fiskelukka! Ta med fiskestang. Vi held på til ca kl 15. Tips:
1) Ta med badesko hvis du vil vasse i fjøra. Ha ein ullsokk oppi hvis det er kaldt.
2) Ta med eige krabbesnøre eller kjøp i museumsbutikken vår.
3) Ta med fiskestang! Fint å fiske frå neset i Naustvika.
Ved informasjonsbygget kan du prøve deg på hesteskokasting, gå på stylter eller quiz'en i familieløypa. Inne har vi aktivitetsbord med bl.a tegning, pusling og nålefilting. Film & utstilling - lær om det nøysame livet til fiskarbøndene og korleis dei tok vare på dei viktige kystlyngheiene. Her er korte og lengre turløyper, langgrunn badevik og fine fiskeplassar. Matstova er open og byr på saltmat og søtmat av lokale råvarer. I museumsbutikken finn du lokale varer som lynghonning, villsaugarn, saueskinn av villsau og gamalnorsk spel i tillegg til andre ullprodukt. Vi har også bøker, spel og barneleikar i tillegg til is og kalde drikker. Ope kl 12 -17. (Varm mat til kl 16.30)

Gratis inngang til museet. Arr. på familiesøndagene er gratis. Kr 30 for nålefilting på aktivitetsbord. Film & utstilling er gratis for barn til og med 16 år, voksne kr 100, honnør/student kr 70.