
Skråblikk: Ein drømmedeal
Det er snart 4 år sidan eg møtte bonusbarna mine. Sara (11) vil krangle på dette, og entusiastisk legge ut i detalj om den dagen ho såg Pappa kysse ei vilt framand dame utanfor blomsterbutikken. Men sånn offisielt, er det snart 4 år sidan eg og bonusbarna sine liv fletta seg saman, utan nokon veg tilbake. Frå den dagen av, var eg offisielt ein del av omgivnadene deira.
Skjønte eg den gong, kva ansvar det var eg tok på meg? Korleis mine val påverka 3 barn sine liv, utan at dei hadde så mykje å seie om det? Hadde eg tenkt over at det faktum at eg ikkje ønska meg biologiske barn, også kanskje kunne gjelde på 50% bonusbasis? Neppe.
Dette var jo, som eg kalla det den gong: ein drømmedeal!
Livet med barn kasta meg med i virvelvinden det er. Før eg visste ordet av det smurde eg matpakker, køyrde til aktivitetar, og assimilerte meg heilt til den nye rolla. Men det er jo sjølvsagt så mangt i dag. Nokre er 100% involvert, andre heldt fast på sidelinja, og andre igjen balanserer ein stad imellom. Vi finn alle ut sjølve korleis familiedynamikken er hos oss, og eg vil tippe at det er like individuelt som konstellasjonane på stjernehimmelen. Men eg har ein sånn irriterande evne til å kaste meg heilhjarta inn i alle prosjekt, utan tanke for konsekvensar. Og den reine angsten som traff meg då folk begynte å referere til meg som akkurat det eg hadde oppført meg som i 2 år; “Bonusmamma” - den var ein iskald knyttneve i magen. Eg er jo ikkje ei mamma.
Med tida har frykten for ordet roa seg. Eg er ikkje mamma. Eg har ingen ønske om å vere mamma, verken til eigne eller andre sine barn. Men det var ikkje frykt for rolla, berre tittelen. Med tida har barna blitt som familie. Vi kranglar og vi diskuterer, og vi kan le til vi grin - akkurat som eg gjer med den biologiske familien min.
Eg har vore ekstremt heldig. David (13), Sara (11) og Mille (7) aksepterte meg umiddelbart. Dei tok imot meg som om det var den mest naturlege saka i verda, og godtok meg som ein ekstra vaksen i heimen utan spørsmål. Mor til barna reagerte med takk, og har aldri verken hinta eller vist teikn til frykt for at eg skulle ta hennar plass. Nei, heller er det eg som sit att i rein beundring for denne mammaen, som kvar veke tar på seg rolla som aleinemor for 3, og likevel heldt betre kontroll på alt av avtalar, møter, aktivitetar og informasjon, enn det eg og Pappa klarer til saman.
Er dette noko som kjem med å føde barn? undrar eg ofte. Er det eit automatisk instinkt, på linje med ubetinga kjærleik og brune auge? Kva for supermenneske er disse mammaene, som berre fikser alt? Eg er vertfall ikkje ei sånn. Men så er jo ikkje eg ei mamma heller.
Dei første åra stressa eg. Frykten for tittelen, for den firkanta boksen som eg trudde eg måtte passe i, gjorde tilværa vanskeleg. Gjer eg for mykje? Gjer eg for lite? Trur Mille (den gong 5) at eg er mamma, om eg legg ho for kvelden når Pappa er opptatt?
Sjølvsagt ikkje. Istaden fortel ho meg om den store, litt hemmelege draumen: at Pappa og Mamma kunne budd saman igjen i det store huset. Då kan eg ta leiligheten, så kan dei bu hjå meg annakvar veke. Sjølvsagt.