Solrun Toft Iversen_QE8A5847-3.jpg
06. juni 2023

Å kome heim - teatersjefen på DNS

Då Solrun Toft Iversen var 10 år gammal sat ho seg i det blå setet, mellom dei varme lysa på Den Nationale Scene. No er ho tilbake i salen, denne gong i rolla som teatersjef på DNS.

Tekst og Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes

- Vi skulle sjå «Ein glad gut» av Bjørnstjerne Bjørnson, minnast Solrun. Ein ung Lasse Lindtner spela Øyvind Plassen, som veks opp i eit lite hus med torv på taket. Når han ikkje blir vurdert som god nok av storbonden, bestemmer han seg for at dette er noko han vil gjere noko med. Han går utdanningens veg. Det er likevel først når han overvinn sin eigen egoisme, og lærer kva tolmod kan gjere, at han kjem dit han vil vere. 

Ein dramaturg i emning

Det var ikkje berre stykket som gjorde inntrykk på 10-åringen, men også han som gjekk på scenen før skodespelarane. For då dramaturgen introduserte framsyninga, skjøna Solrun noko. Ho skjøna vegen til eit teaterstykke: kvar det heile starta, kvar ho kunne starte. Solrun var inspirert.

Då ho kom på skulen att neste dag, starta ho ei teatergruppe i klassen. Ho laga scener og instruerte, medan klassekameratene spela. Og slik starta det heile.

- Teater kan vere ei kjensle av «wow». Bølga som går gjennom salen når alle ler saman, det verkeleg elskar eg. Det er jo ein av dei få stundene der vi alle i same tid og same stund legg vekk alt anna. Så sit ein saman med ein besteforelder, ein far eller ei tante, og deler eit nærvær vi ikkje må miste, fortel ho.

Vegen vidare

Nokre år seinare kunne Solrun låse seg inn bakdøra på det store teateret. No var ho sjølv dramaturg på Den Nationale Scene. Ho var den som skulle vite kvar framsyninga starta, kvar den slutta, og kva ho måtte gjere for å få det beste ut av teksten. Når ho så vart sjefsdramaturg, var ho den næraste sparringspartnaren til teatersjefen. 

Allerede som tiåring fekk Solrun ei forståing av det som må gå i hop for å lage ei heil teaterframsyning, kor viktig samarbeidet er. Og no tek vi altså det første biletet til saka om Solrun som ny teatersjef på DNS, i den same salen som Solrun sat den gong. No som teatersjefen Solrun, som skal finne det som kan gi mot i liva til dei som set seg inn i salen. Det som kan gi trøst eller inspirera.

Ho kjem ikkje til å spare på kruttet.

- Er det ein ting vi skal ha, så er det ei stor familieframsyning, lover den ferske teatersjefen. Ho er ikkje redd for dei store klassikarane.

- Det viktigaste for meg, er at teatersalen blir ein stad mange kan finne seg til rette. Dette er staden ein skal kjenne seg heime, og ein skal sleppe å måtte oppføre seg på ein spesiell måte. Er det noko som skal bli skjerpa, så er det helst sansane, seier ho, og påpeiker at det er først først når publikum sitt i salen og ler, grin, klappar, eller hoiar, at det blir teater. Difor er det viktig at salen også er ein stad det er lov å uttrykke seg.

For Solrun starta teaterinteressa for fullt då ho satt der i salen ved sidan av far sin som ti-åring - ho vart også kjend med magien i møte mellom scene, og det yngste publikummet kan vere. 

- Det er så mange ledd som til saman utgjer det vi får oppleve i salen. Det var også heile dette kollektive som gjorde at Den Nationale Sene var staden eg ville jobbe ein gong. Det er ikkje noko som er gøyere enn teater, spør du meg.

 

Andre Artikler