Disney on ice_14.jpg
13. april 2023

Disneymagi i Bergenshallen

Det er første øvingsdag for Bergen Kunstløpklubb(BKK). Etter ein lang konkurransesesong er det tid for det årlege vårshowet, eit høgdepunkt for alle skøytegåarane i klubben. På show får alle i klubben vere med, og i år blir det er eit fyrverkeri av disneymagi.

Tekst: Mai Vabø foto: Tove K. Breistein

Berre 10 dagar før heile klubben saman skal sette opp Disneymagic on Ice, er øvinga endeleg i gong for fullt. På isen snurrast, skøytast og balanserast det, medan trenar Marta Cuni Baulenas heldt eit årvåkent auge med det heile. Disneymusikken ljomar gjennom hallen, og stemninga er høg.

Skøyteskulen
Ein del av isen er teken opp av gira born i alderen 4 år og oppover. Dette er nybegynnarane i hallen, og medlemma i Skøyteskulen. Dei skal skøyte som dvergane til Snøkvit i showet, og det er tydeleg at oppgåva tas svært seriøst. Med seg har dei Øystein (15) og Signe (15). Ungdommane har kursa seg som aktivitetsleiarar, og er ansvarleg for å lære dei minste fallteknikk, og ellers alt dei må kunne til forestillinga.

– Det mest utfordrande med så små born er at dei kan bli redd, og treng oppmuntring for å tørre. Noko av det viktigaste ein lærer i kunstløp er å falle riktig, og det må dei øve mykje på. Så det er litt skummelt for nokon av dei, fortel Signe. Ho har gått på kunstløp i nærare 12 år, men kan ikkje konkurrere grunna ein skade. Då er det ekstra kjekt å kunne trene med dei små, og bidra i klubben på den måten.

Ikkje ein jentesport Øystein har vore med i BKK i 4 år, og går både konkurransar og er med på show. For begge dei to 15-åringane dekker klubben både det sosiale, og treningsbehovet. Her har dei venner frå heile Bergen, som driv med det same dei gjer. For ­Øystein har det vore spanande å finne ein sport som utfordrar han på denne måten, og han håper fleire gutar vil prøve seg. – Det er ikkje ein jentesport. Alt vi gjer krever styrke og kroppskontroll, og det er veldig variert trening. Synes ein at det er kjekt å stå på skøyter så vil ein like kunstløp, lover han.

Øystein og Signe skal stå saman med Skøyteskulen til Snøkvit, men skal også gå saman med andre på sin alder i showet. Øystein si gruppe går til musikk frå Tarzan, medan Signe skal vere ein del av «Life is a Highway» frå Biler.

Løvenes Konge
Pernille(8), Lykke(9) og Margrete(9) har gått vidare frå Skøyteskulen, og er no oppvisningsløparar. Dei er med å konkurrere, men fram til dei blir 11 år får dei ikkje formell score i konkurransar - berre tilbakemeldingar frå dommarane. I vårshowet skal dei på isen som Simba, Timon og Pumbaa frå Løvenes Konge.

– Vi har ønska oss å få gå saman, så det var veldig gøy at vi får lov til, seier Lykke.

– Det er det som er så kjekt med show, at vi får gå saman, og vi kan hjelpe kvarandre å hugse alt, føl Margrete opp. – Og så får vi lære så mykje nytt til showet, som er annleis enn når vi trener til konkurranse, påpeiker Pernille før trioen må ut på isen igjen for å øve.


Bergen Kunstløpklubb er den eldste kunstløpklubben i Bergen. Den var grunnlagt i 1976, og har eit breidtt tilbod for kunstløparar på alle nivå, og i alle aldrar. Medlemma er aktiv i konkurransar, og mange av dei eldre ungdommane får kurs, slik at dei kan hjelpe til i treninga av yngre aktørar og nybegynnarar. Klubben er også svært engasjert i å fremje kunstløp i Bergen og omegn, og arrangerer jamleg lokale konkurransar og show.

Klare for Show
15 år gamle Tilde kjem også direkte frå konkurransesessongen, der ho konkurrerer i klassen Novice. Ho øver gjerne i eit år og to på eit program, og det må perfeksjonerast for å vere godt nok i konkurransen.

– Vårshowet er noko heilt anna, og vi får læra noko nytt heile tida. Det er meir avslappa, sjølv om det er dårleg tid, og vi kan le meir og kose oss saman. Og sjølv om Marta nokre gonger vert litt oppgitt av oss, smiler Tilde. Ho skal mellom anna skøyte ein solo som Merida, frå disneyfilmen Modig. Ho fortel at i showet er det meir rom for improvisasjon dersom noko ikkje går som planlagt, noko som må forventast i eit show med over 80 aktørar på isen.

Trenar Marta har vore i spissen for klubbens show i fleire år, og kom inn i BKK frå Spania i 2017. Ho trenar fleire av løparane til konkurranse, men har også det overordna ansvaret til showet.

– Det er mykje å gjere, mange trådar å halde i. Men det er kjekt, og resultatet er alltid veldig flott. Eg er blitt flinkare til å delegere oppgåvene ut til andre, innrømmer ho. At temaet i år vart Disney er det utøvarane som har bestemt.

– Vi hadde fleire alternativ, men mange av medlemma er svært glad i Disney, og det var eit enkelt val for dei. Vi ser at dei gler seg og girer seg opp, og det gjer at showet vert endå betre, avsluttar ho.

Andre Artikler