Nygårdsparken_17.jpg
14. mai 2021 Publisert i Barn i Byen nr 91/2021

På jakt etter vårteikn i Nygårdsparken

Nå er tiden for å finne våren i byens vakreste park.

Tekst: Kristi Guldberg Foto: Tove K. Breistein

– Er dette eit vårteikn? 

Vilma på fem held fram ei diger grankongle, og lurer på om den fortel oss at våren er på veg. 

Me er i Nygårdsparken på jakt etter våren, og sjølv om vinden framleis er isande kald, så håpar me å finne små hint og lovnader om lysare tider. Me blir einige om at den kongla ikkje akkurat ropar vår og varme, og leitar optimistisk vidare. 

Kor blir det av våren?
– Dette er ein kjempegøy park, seier Vilma begeistra, etter at ho har prøvd både trampoliner, klatrevegg og rutsjebane.

Ei freistande slengdisse dukkar også opp bak ein sving, ho møter på ein vakker einhjørning, og finn skikkeleg gode gøymestader både under klatreveggen og inne i ein busk. Men kva med våren, kor blir det av den?

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Ender og svaner er noen av fugleartene du kan oppleve i dammene i parken.

Utegym med mormor
– Her får eg nok veldig store musklar, slår Vilma fast, og prøver ut nokre treningsapparat som er litt store for barn, og nok er meint for vaksne.

– Men dei er det kjekkaste i heile parken, konkluderer Vilma kjapt, og testar ut alle saman etter tur. Styrketrening ute i det fri må jo vere eit skikkeleg vårteikn, men førebels er det liten konkurranse om apparata.

Men så, midt i Vilma sine larveliknande mageøvingar, dukkar det opp ein sprudlande familie som også har lyst til å trimme ute. Mormor, mor og far, Lea, Noa og Isak; det blir mykje latter når alle saman skal prøve seg på utegymmen.

Saken fortsetter under bildet


Foto: Parkekspertene Lea, Noa og Isak.

Parkekspertar
– Eg lengtar etter den kjempegode heimelaga isen me fekk oppe i parken i sommar, og så er det gøy å vere på trampolinane og seilebanen, fortel Isak.

Denne gjengen er som ekspertar å rekne når det gjeld Nygårdsparken. Familien på fem bur på Manger, men mormor bur i byen, og dei elskar å besøke henne. Då blir det alltid ein tur i parken, og gjerne besøk på eit av musea som ligg i nærleiken.

I dag har dei gått over Småpudden og skal inn til sentrum, men på vegen må dei stanse og ta bilete ved einhjørningskulpturen. Det er nemleg fast rituale. Dei tre syskena synes parken er skikkeleg fin. Men vårteikn, nei, det veit Lea nesten ikkje kva er ein gong, og ingen av dei har sett noko som minnar om at våren er på veg.

Saken fortsetter under bildet


Foto: Dette er en kjempegøy park i følge parktester Vilma

Endeleg eit vårteikn
No er fingrane blitt kalde, og det er like før me gjev opp heile jakta. Kanskje er me rett og slett for tidleg ute?

Me bestemmer oss i staden for å helse på endene i nedste del av parken, og ruslar nedover stien. Og nett då dukkar det opp, eit heilt ekte vårteikn: eit nydeleg, lysande kvitt teppe av Snøklokker, som dekker ein heil liten kolle midt i parken. Vilma dumpar ned midt i blomehavet, og lurer på om ho kan ta med seg nokre snøklokker heim. Ho stikk nasen ned i buketten for å snuse litt på våren.


– Men det luktar berre heilt vanleg, slår ho fast. Ikkje så imponert, med andre ord.


Slitne bein og varm kakao
Og så kjem det jammen endå eit vårteikn trampande forbi; ein heil flokk av ivrige joggarar med treningstights og tynne luer. Det må vel tyde på at våren er undervegs, når folk får lyst til å springe ute, utan boblejakke og ullstillongs? Vilma set inn ein eksplosiv spurt, og får latter og heiarop når ho tek att den spreke joggegjengen i den verste oppoverbakken. Uff, men så vert beina brått så skrekkeleg slitne. Heldigvis er ikkje kaféen langt unna.

I Paviljongen får me kjøpe vaflar og kakao, og kvile oss litt på dei varme saueskinna i sofaen. Ei perfekt avrunding på ein finfin litt-for-tidleg-ute-vårdag i Nygårdsparken.


Saken fortsetter under bildet


Foto: Nygårdsparken er de senere årene blitt et eldorado for lek og oppdagelser


FAKTA:

Nygårdsparken er en tradisjonsrik park i engelsk landskapsstil, opna i 1885.
Etter omfattande opprydding og rehabili­tering frå 2014–2017, er det blitt ein folkepark tilrettelagt for leik, rekreasjon og aktivitet for alle aldersgrupper. Øvre del av Nygårdsparken er særleg tilrettelagt for dei yngste barna. Her finn du trampoliner, klatreapparat, balanseleik og lydinstallasjonar. Det vert også arrangert ulike aktivitetar her.

Eventyr i Parken:
Opplev vandreteater i Nygårdsparken. Oppmøte ved kaféen i øvre del av parken. Kr 75,-.

25.4. kl.11.30 og 13: «Kong Håkons Ring».
30.5. kl.11.30 og 13: «Lille Edvard».
20.6. kl.11.30 og 13: «Askeladden».
Sjekk «Eventyr i Parken» på Facebook.

Park_i_tektur med Kunstpilotene:

22.5. og 23.5 (eller 24.5.) kl. 12–15: «Biokapsel». Stikk-innom-verksted hvor små og store inviteres til å lage arkitektoniske installasjoner. Ved Langedammen i øvre del av Nygårdsparken. Se barnibyen.no

VilVite arrangerer utendørsaktiviteter med jevne mellomrom. Se vilvite.no.

I Paviljongen er det open kafé fredag–onsdag 11–16 og torsdag 11–18. Onsdagar og torsdagar kan du prøve spanande rettar frå ulike land under konseptet Verdenskaféen, medan det dei andre dagane er enklare servering.

Andre Artikler