12-13_Steder_aa_tisse (1).jpg
23. april 2021 Publisert første gang på Barn i Byen nr 91/2021

Boktips! Å tisse borte og hjemme

Om gleda ved tissing.

Alle gjer det. I do, i skogen – kanskje til og med i dusjen og i senga. Men kva med spøkelse og edderkoppar, korleis gjer dei det? «Steder å tisse» er ei bok om gleda ved tissing.

TEKST: Hege Rognøy Fossåskaret

Trongen kjem ofte når han er minst velkommen. Som når treåringen plutseleg MÅ tisse i det det er din tur i kassa og handlevogna er full av varer, eller der de sit bakerst i bussen i ettermiddagsrushet.

Når kroppen krev sitt, må omverda vente. Det kan vere keisamt og upraktisk, men i Svein Nyhus sitt univers er det ei gåve, og tissing er mykje meir enn å late vatnet. «Steder å tisse» stoppar opp ved og utforskar denne enkle kvardagslege hendinga som alle kjenner, og få snakkar høgt om.

Boka vil få deg til å tenkje over ting du kanskje aldri har lurt på før. Må flaggermus og spøkelse også stoppe opp og tisse litt? Og kor mange gonger må du tisse i løpet av eit liv?

Som tittelen vitnar om, skildrar boka fysiske stader der tissing kan skje; inne, ute, i eit badekar, i havet, i buksa. Men like viktig er filosoferinga over korleis det å tisse opnar eit rom der ein får vere i fred med eigne tankar. «Er du ferdig snart?» spør pappa. «Nei, jeg er ikke ferdig. Jeg tar en pause. Og tenker litt.» Pappa på si side har med seg mobilen når han tissar. Mange vil nok kjenne seg att i at dobesøk med telefonen kan vere ein kjærkomen kvil.

Målgruppa for boka er barn i alderen 3–6 år. Dei som er i denne aldersgruppa, veit at det å tisse kan vere både vanskeleg og magisk. Dei skal lære å kjenne etter i tide, dei skal klare å halde tilbake og sleppe laus. Den vesle guten i boka står midt i denne reisa. «Jeg lukker øynene. Det kiler. Jeg hører lyden! Ja! Det renner! Det spruter!» Som ein mektig magikar kan han sløkke brann og smelte snø med strålen sin. Og som ein liten tryllekunstnar forvandlar han brus til tiss.

Svein Nyhus skriv i eit reint og vakkert språk som uttrykkjer mykje med få ord. Det er poetiske perler på kvar side, som famnar om både det enkle, nære og det store, eksistensielle: «Jeg har tissa tusen ganger. Og jeg skal tisse tusen ganger til. En gang var den første. Og en gang blir den siste.»

«Dyr tisser også. Små dyr og store dyr. Alle må det de må.»

Illustrasjonane er rike på handling og detaljar. Heile boka er i fargane gråblå og gyllen gul, ein farge som står godt til tematikken. Eit gjennomgåande motiv er den vesle guten som står fredeleg og konsentrert bøygd over ein lys stråle. På dei fleste sidene er det nokon som observerer han med store auge; mor, måne, maur, ein snømann, ei kråke, ein elefant. Kanskje er det oppmuntrande og anerkjennande blikk, eit uttrykk for at alle er ein del av eit tisse-fellesskap som foreinar på tvers av ulikskapar: «Dyr tisser også. Små dyr og store dyr. Alle må det de må.»

På eit av bileta er det ei tissande jente i kulissene. Og me får vite at mamma bruker papir. Men om Nyhus hadde latt veslesyster ta del i tissinga, ville nok jente-lesarar kjend seg meir heime i forteljinga. Og både gutar og jenter kunne reflektert over forskjellar og likskapar.

Men det er lov å håpe på ein oppfølgjar, for som det står på siste sida: «Så er jeg ferdig. Men det slutter ikke. Det kommer alltid noe mer.»


FAKTA

«Steder å tisse»
Tekst og illustrasjon: Svein Nyhus

Utgitt: 2021 på Gyldendal Norsk Forlag AS
Pris fra 299,- / Gratis til utlån på biblioteket

Andre Artikler