Boktips_Spread_12.jpg
09. februar 2021 Publisert første gang i Barn i Byen nr. 90/2021

Boktips: Gi meg en klem

Med klemmeforbod har aldri savnet etter en varm klem vært større, også for en kaktus.

Anmeldt av Hege Rognøy Fossåskaret

Av alle korona-restriksjonane vi lever under, er klemme-forbodet kanskje det vondaste. Besteforeldrefang har ikkje godt av å stå tomme. Og sjølv om digitale hjarta er fine til sitt bruk, kan dei aldri erstatte varmen frå mjuke armar om halsen.

I denne underlege tida med 1-metersregel, ansiktsmasker og karantene, er det lett å leve seg inn i historia om den vesle kaktusen Felipe som meir enn noko anna ønsker seg ein god klem. Forskjellen er berre at medan me opplever samhald ved å halde avstand, kjenner Felipe seg heilt åleine i verda.

Tittelen «Gi meg en klem» er sørgjeleg relevant i 2021, men tematikken i boka er tidlaus. Kaktusen Felipe kjem frå ein fornem og berømt familie med eit imponerande og herskapleg slektstre. Det viktigaste for familien er at alle oppfører seg skikkeleg og ser godt ut, at alt er reint og ryddig og at ingen kjem tett innpå kvarandre.



Men vesle Felipe er ikkje som dei andre. Det einaste han vil ha, er ein klem. Han strekkjer dei små kaktusarmane sine ivrig i været, men uansett kor Felipe vender seg, møter han berre stikkande piggar og avvisande blikk.

Felipe forstår at han ikkje høyrer heime i familien sin, og han dreg ut i verda på jakt etter nærleik. Men arva han har med seg, gjer at han hamnar i trøbbel kvar gong han kjem nokon for nære. For ein kaktus er og blir ein kaktus, sjølv om hjarta er mjukt og viljen er god.

Det einaste han vil ha, er ein klem. 

Misforstått, avvist og utstøytt tek Felipe etter kvart til å tru at han har det best åleine, og at han ikkje treng nokon andre i livet sitt. Men så møter han ei som treng nettopp han.

«Gi meg en klem» er ei gripande biletbok som på tankevekkjande, og stundom uventa vis, skildrar sorga over å ikkje høyre til og lengten etter å ha nokon å vere god mot.

Italienske Simona Ciraolo står bak både tekst og illustrasjonar, og boka er omsett frå engelsk til norsk av Eivind Sudmann Larssen. Boka passer best for born mellom tre og seks år, men også eldre søsken og foreldre vil ha glede av historia om Felipe.


Teikningane er enkle og reine, men rike på uttrykk og detaljar som forsterkar stemninga i teksten. Det er ein leik i teikningane av den arrogante kaktusfamilien og eit alvor i illustrasjonen av einsemd, som vil fenge lesarar i alle aldrar.



Fakta

«Gi meg en klem»

Originaltittel: «Hug me».
Tekst og illustrasjon: Simona Ciraolo

Utgitt: 2021 på Mangschou Forlag
Pris fra kr. 200,- / Gratis til utlån på biblioteket

Andre Artikler