Boktips Jeg er en Frosk26-27.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 63/2015

Eg er ein frosk

Du veit den følelsen når du står midt i middagslaginga og med eit halvt øyre høyrer fireåringen fortelje om alle tankane han har tenkt den dagen. Slik er det å lese «Eg er ein frosk» av Kurt Johannessen.

Boktips av: Hege Rognøy Fossåskaret 

Det begynner som ei meiningsfull historie, men så mister du den logiske tråden og må bare la deg rive med i eventyrlige og fargerike krumspring.

«Eg er ein frosk som akkurat skal til å ete ei fluge.» Slik opnar biletboka. Eit barn går i ein grøn skog med korg over armen og froskekostyme på hovudet. Ei lita fluge kjem flygande inn i biletet. Fluga flyg vidare frå side til side gjennom heile boka, medan tekst og bilete forlèt frosken og tek oss i bråe kast vidare til elefantar, villsvin, krokodillar, leopardar og vulkanar. Før me til sist landar ved ein kvit innsjø og «lyden av ein frosk som drar til seg tunga.» Alt skjer i ein lang samanhengande setning.

Den tankefulle teksten gjer boka til en spennande oppleving for vaksne  

Kurt Johannessen er kjent som performancekunstnar og har også gitt ut ei rekkje bøker. I 2007 gav han ut teksten «Eg er ein frosk» første gong, då utan illustrasjonar. Den illustrerte utgåva, som kom ut i 2010, er vakkert og levande illustrert av Øyvind Torseter. Illustrasjonane er papirklippfigurar som er fotografert og digitalt bearbeida. Kombinasjonen av tekst og bilete gjer at boka treff både små og store lesarar. Dei særprega illustrasjonane med sterke fargar og papirfigurar gjer boka til ei fin biletbok for barn. Den tankefulle teksten gjer boka til ein spennande oppleving for vaksne. 

Det er befriande å ikkje leite etter meining og samanheng i teksten, berre dele ei surrealistisk fantasireise med barnet. Barnet som ikkje stiller spørsmål ved at «kaffikoppane blir skremde og hoppar opp og landar inni hovudet på ein hund og eit villsvin». I all vår iver etter å vere stimulerande foreldre har me kanskje godt av litt mindre fornuftig pedagogikk og litt meir performance av og til.

 


Andre Artikler