Luftige svev
Tekst: Mai Vabø
Foto: Tove K. Breistein
Det krevjer mot, og litt skrekkblanda fryd for å skjerpe sansane, men ein etter ein kjem dei flygande. Skihopp er ein aktivitet som kombinerer leik, spenning og enorme mengder meistring.
Eskil (10) og Brigt (12) er blant dei mest erfarne i hoppmiljøet til Gullfjell IL. Begge har drive med hopping i fleire år, og trenar jamt.
- Kjensla av å hoppe er mest gøy. Det er spennande, men første gong var det litt skummelt òg, seier Brigt.
- Det verste er å gå opp igjen til toppen, spesielt i snø! Men så får ein jo hoppe igjen, og det gjer det verd det, ler han.
Eskil starta med hopping i 2022, etter at familien kom forbi bakkane under ein skitur.
- Vi såg nokon som hoppa, og då fekk eg prøve. Eg har halde fram sidan. Men det er kjekkast når det er snø, då er landinga mjukare og lettare.
Brigt og Eskil hoppar begge i dei største bakkane, K8 og K12, og når det er snø også i K28-bakken.
- Målet mitt er å kunne hoppe i K100-bakken ein dag. Det største eg har prøvd er K28, det var skikkeleg kult, fortel Brigt, og Eskil nikkar. No er målet for gutane å komme seg til Voss i vinter og forsøke seg på dei større bakkane dei har der.

Visste du at:
K står for konstruksjonspunktet i bakken, altså overgangen frå unnarenn til sletta. Tallet viser altså storleiken på bakken. Til samanlikning hoppar verdscup-utøvarar i K120-bakkar.
Frå gamle bakkar til nytt miljø
Hoppanlegget på Gullbotn fekk nytt liv i 2019, etter initiativ frå Øystein Glistrup. Han vart inspirert av å sjå den gamle bakken kvar gong han køyrde forbi, og ville starte opp att hoppmiljøet i Bergen. No er det på god veg, med tre plastbakker, K5, K8 og K12, og om vinteren den store større snøbakken som vart restaurert, K28.
- Det er ganske tøft å stå på toppen første gong, men meistringskjensla kjem fort. No trur eg det er verre for meg som står på botnen og ser på, seier Åsa Nord. Ho sit i styret i klubben og er mamma til Brigt. Ho fortel fortel at hopptreninga gir mykje tilbake, både for barn og foreldre.
- Det er ein sport som krev sitt av både køyring og at ein stiller opp, men det er verdt det. Skihopp har gjort at gutane har fått betre balanse og blitt langt tryggare og betre i andre skisportar. Så kjem jo meistringa på toppen av det, og det å utfordre seg sjølv litt trass frykt eller ubehag - dei lærer mykje av å vere her.

Lavterskel
I bakken denne dagen er også Colin (5) og Anton (6), saman med Henrik Wiedswang Horjen. Dei har vore med sidan gjengen fekk auge på sporten, under VM i Trondheim og skjønte at dette kunne dei prøve seg på heime. Henrik meiner miljøet på Gullbotn er noko heilt for seg sjølv.
- Det som skil seg ut her, er varmen og dei som møter deg. Alle blir tekne godt imot, uansett erfaring. Utstyr og klede kan lånast, og det er berre å møte opp og prøve.
I dag har klubben mellom ti og tjue barn som hoppar fast. Det veks sakte men sikkert.
- Å sjå korleis barna heiar på kvarandre, og kor mykje dei lærer på kort tid, er flott å vere vitne til, seier Henrik. Han trur mange opplever sporten som skummel, men oppmuntrar til å prøve seg. Kanskje er det ikkje så skummelt som ein trur?
- Her handlar alt om barn som prøver, tør, og meistrer. Miljøet er lite, og hadde ikkje overlevd utan engasjementet, varmen og velkomsten ein får når ein dukkar opp, meiner han.

Open for alle
Gullfjell IL ønskjer alle velkomne til bakkane på Gullbotn. Det kostar ingenting å vere med, og ein treng ikkje medlemskap for å delta. Klubben låner ut hoppski, sko og dressar, men dei minste bør ta med eigne skisko og hjelm.
- Vi har heller ingen dugnadsplikt, men er glade for foreldre som hjelper litt til når barna hoppar, seier Åsa.
Når vêret tillet det, blir det hopping minst ein dag i veka. Klubben følgjer terminlista til Hordaland Skikrets og deltek på hopprenn og samlingar i Voss og nærliggande anlegg.
- Følg med på Facebook-sida til Gullfjell IL, seier Åsa.
- Der legg vi ut beskjed når bakkane er opne, og då er det berre å komme. Det gjer ingenting om ein ikkje tør, eller berre vil komme og sjå. Kanskje ein tør litt meir enn ein anar når ein først er her!
Om vinteren passar det fint å kombinere ein skitur på Gullbotn med eit besøk i hoppbakken. Det einaste som ikkje er lov, er aking - det øydelegg underlaget.

Bli med i vinter
Når snøen legg seg over Gullbotn er bakkane klare, men også utan snø kan ein trene her. Klubben håpar fleire familiar vil bli med. Aktiviteten er open, trygg og gratis, og passar for både ferskingar og dei som ønskjer å bli betre på ski.
- Vi ser fram til vinteren, seier Henrik.
- Det er då det verkeleg blir moro. No har vi øvd oss heile sommaren, og er klar for å prøve oss i snøen også, ikkje sant gutar, avslutter han til Anton og Colin, som har fått varmen i seg med kakao og pølser etter alt regnet. Dei nikkar resolutt.