Garantert julestemning
Tekst: Mai Vabø
Foto: Tove K. Breistein
Det er haustferie, og på scena til Bergen Musikkteater yrer det av liv. Nokre dansar, andre går gjennom replikkar, og i eit hjørne står Julenissen sjølv – Julius – medan kostymedamene måler og nåler på den raude jakka som snart skal få glitre i rampelyset.
– Fokus! Kan alle vere stille og høyre etter? kjem det frå ein instruktør. Brått blir det heilt stille. Sekundet etter bryt songen “Tikk takk” ut, og scena vert fylt av sang og dans, og hektisk julekuleblåsing.
For etter elleve år med Jul i Blåfjell, er det på tide med noko nytt. I år set Bergen Musikkteater opp Snøfall – historia om Selma, Julenissen og heile det magiske universet i Snøfall, kjent frå den populære TV-julekalenderen.
– Det er litt rart å skulle ha Snøfall no. Blåfjell har liksom blitt ein vane, vi kunne spele nesten alle rollene og visste alt som skulle skje, seier Mia Esmeralda Elsaas (16).
– Men det er gøy å gjere noko heilt nytt, og eg trur Snøfall vil lokke eit yngre publikum. Alle barn kjenner jo Snøfall – dette er vår generasjons julekalender, seier Ingrid Sofie Oppedal Thunes (17). Dei to byter på å spele hovudrolla i stykket, Selma.
Patrick Peschina (13) speler Håkon – naboguten til Selma. Han er ny i ensemblet, men har lengst fartstid på scena.
– Det gøyaste med å vere her er samhaldet. Eg kjende ingen, men blei tatt veldig godt imot, seier han.
Teateret har opna for fleire nye ansikt i år, både barn og vaksne.
– Open audition gjorde at vi fekk inn mange nye, og det har vore veldig kjekt. Det gjer alt litt ekstra spennande, fortel Mia.

Eigne idear
Midt mellom song og scene, står fire små og ventar på tur. Dei trippar, ler, og gjer små dansetrinn medan dei følgjer med frå sidelinja. Sofie (8), Alma (9), Leonora (7) og Sunniva (11) spelar rampete små som tøyser, lurer og lagar kaos i Snøfall.
– Vi likar ikkje Winter, så han plagar vi masse! ler Sofie, og dei andre jentene bryt ut i fnising.
For desse fire handlar øvingane om mykje meir enn replikkar. Her får dei bruke fantasi, energi og eigne idear.
– Eg likar at alt er fantasi, og at vi får lage våre eigne karakterar, seier Sunniva, og heldt fram:
– Eg likar best å ha små roller, for då får eg vere med på så mykje forskjellig.
– Ja, vi som ikkje alltid har replikkar blir putta inn litt her og der, så vi får gjere masse rart, seier Leonora.
– Og så er det ekstra gøy i år, fordi ingen har hatt desse rollene før. Vi får finne på alt sjølve, forklarar Alma.
Når dei snakkar om teateret, skin det av både glede og stoltheit.
– Eg kjende ingen då eg starta her, men no har eg fått ein ny bestevenn, seier Sunniva og smiler til dei andre.
– Det er berre veldig fint å vere her, nikkar Sofie.
– Vi har til og med ein regel der vi startar øvingane med å legge frå oss alt som er negativt, og fokuserer på det fine. Då blir det ein fristad, sjølv om vi kanskje hadde ein dårleg dag først.

Helten og antihelten
I motsetning til jentene er Winter alt anna enn leiken. Han blir spelt av Kristian Garmanslund.
– Eg er kanskje typecasta, det må eg innrømme, ler han, og viser til det mørke håret og den lange kroppen.
– Men eg prøver å gjere Winter til min eigen. Han er ein antihelt, driven av eit desperat behov for å bli sett og elska. Det vonde kjem derifrå. Og han må vere skummel nok til å skremme – det er viktig for stykket.
På motsatt side står sjølvaste Julius, spelt av Knut Olaf Elvik. Han er langt ifrå skummel, og den morosame latteren smittar over heile salen - både i pausane mellom scenar, og når han er i rolla.
– Det gøyaste er å få slå meg laus og leike saman med barna. Det er det som er så fint med denne produksjonen – alle, både barn, ungdom og vaksne, får lov til å leike. Det er så kjekt å sjå og vere med på!

Magien tek form
Når vi besøker Bergen Musikkteater, er Snøfall framleis under bygging. Kulissar blir måla, kostymar blir sydd, og notatblokkene ligg fulle av merknadar. Men sjølv om ikkje alt er klart, er stemninga det: varm, energisk, og full av forventning.
– Ingen veit kva som kjem til å skje, alt er nytt for både oss og publikum, seier Sunniva.
– Men eg trur det blir veldig kjekt!
Og medan “Tikk takk” ljomar ut over salen, og dei vakre lysande julekulene blir fylt med alle julegåveønskene til verdas born, er det ingen tvil: Snøfall kjem til å bli ei forestilling full av magi, latter og ekte teaterglede – frå dei aller minste til dei aller største.
Og både Julius, Winter, Selma, Håkon – og ikkje minst alle småjentene – er samde om ein ting:
- Her blir det garantert julestemning!
