
Slappar alle av no, eller..?
Tekst: Mai Vabø
Vel. Det var før. No skal ferien nytast. Utnyttast. Planleggast. Koordinerast. Effektiviserast. Vi legg Excel-arket til sides på jobb, men tryllar fram ein sommarlogistikk som hadde gjort ein mellomleiar blank i auga. For ein ting er sikkert: Vi skal i alle fall ikkje la sommaren gå til spille.
Og etter alt dette arbeidet så står ho der, 9-åringen. Fem sekund etter at vi har kome heim frå stranda. Etter isen, etter leik og latter og lukta av solkrem – og seier at ho kjedar seg. Kjedar seg! Det er provoserande. Men kanskje også litt... tankevekkande. Har vi gjort dette mot henne?
Vi, som jamleg fortel henne at å kjede seg er viktig. Vi, som har lese artiklane og nikka samtykkande til pedagogane som snakkar om viktigheita av både kreativitet og kvile? Må vi kanskje også stå i at noko er kjedeleg – utan å ta fram telefonen vår, utan å distrahere oss med skjerm eller aktivitet? Må vi kanskje gje slepp på mikroplanlegginga?
For i dei lange, late dagane – dei der det eigentleg ikkje skjer så mykje – skjer det likevel noko. Kjedsomheita kjem. Og med ho: fantasien. Uroa. Skaparkrafta. Den småirriterande, men djupt sunne evna til å finne på noko sjølv. Utan QR-kode. Faktisk heilt utan skjerm.
Og hugsar du korleis sommarane varte evig? Som om dagane strekte seg ut, og flaut over i kvarandre? Kanskje var det nettopp fordi det ikkje var så mykje fokus på tid. Inga klokke som tikka mot neste punkt på lista. Sommaren handla ikkje om å rekke noko. Berre om å vere. Det finst ein slags magi der. Ei ro.
Er det det vi har mista? Er det derfor eg kjenner på stresset allereie i april – over om sommaren blir lang nok? Om vi får brukt den godt nok? Kanskje vi skal snu på det. Ikkje bruke sommaren – men vere i han. La tida vere utan retning, utan krav.
Friluftscamp. Sirkusskule. Minigolf, fjelltur, stranddag, lesestund på biblioteket, og sjølvsagt is, grilling og kunstprosjekt med rekved og skjell. Bornet skal ha gode sommarminne, forstår du. Helst mange. Og helst dokumentert. For om eit barndomsminne fell i skogen utan å bli posta på Instagram – har det då skjedd?
Så kanskje vi skal prøve det, denne sommaren. Å planleggje litt mindre. Gi rom for å drive. For å kjenne etter. For å ikkje gjere noko som helst.
Og kanskje, berre kanskje, vil borna våre kome tilbake til skulen og seie: Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg gjorde i sommar. Men det var fint.