Cirkus Balance MED KOSTYME_HR-4.jpg
04. juni 2025

Lufta er fri for alle

I eit stort rom med tre blå madrassar heng ei jente opp ned, ei anna står i bru. Det er berre fem sekund sidan døra gjekk opp i det tidlegare NRK-bygget på Minde. Frå hjørnet siv tonane av Whitney Houstons «I Wanna Dance with Somebody» ut frå høgtalaren.

Tekst og foto: Ylva Fyllingsnes

Tora (11) kjenner seg ikkje nervøs, men spent. Det er no seks år sidan ho såg sirkusskulen på TV - og ei heilt ny verd opna seg for henne.
- Eg hugsar eg ropte til mamma frå sofaen: «Der, på sirkusskulen, der vil eg gå!» seier ho og smiler. Det var programmet Bli med heim på NRK som fanga merksemda hennar. Eit år seinare var ho i gang. No er det ikkje noko problem å by på ein split eller ein spagat. No heng ho svingande i hendene på Sofie (15), som igjen held seg fast i ei jente langt oppe i lufta.
- Eg har opptredd for søskenbarna mine kvar julaftan, men dette er jo noko litt anna, smiler ho, og set føtene mjukt i bakken. Medan dei andre øver på ringar og trapes, set ho seg på ei blå madrass og ventar på tur.
Etter å ha gått på sirkusskulen sidan ho var fem år, har ho no vore på audition til den største produksjonen hittil – med heile 40 aktørar. Eit heilt kompani kjem frå Ukraina for å stå på scena. Det kan nemnast at dei har Guinness-rekord i å ha flest Guinness-rekordar – blant anna i å halde seg oppe i lufta berre med tennene.

80 prosent kroppsspråk

Verdsmeister Ida (22) starta då ho var like gammal som Tora - berre 11 år. Begge har spesialisert seg på det dei kallar «luft». Men Ida starta eigentleg på isen.
- Etter nokre år med kunstløp kom eg inn i sirkusverda. Eg hugsar eg tenkte: «Oi, så mange kule folk det er her», fortel Ida, medan ho svingar armen i retning dei andre i rommet.
Ida er ein av instruktørane, men står også sjølv på scena som artist. Ho har mellom anna hengt etter berre håret på scena.
- Det er ikkje det at det er godt å henge etter håret, ler ho. Men det fine her er at ein berre konkurrerer med seg sjølv. Det tek vekk eit press ein ofte finn i andre idrettar. Her handlar det meir om å formidle ei historie. Å føle noko, og få andre til å føle. Ensemble handlar om samarbeid og håp, uttrykt gjennom ekstraordinære ferdigheiter, nyskapande sirkus og ekte scenemagi.
- Det kan faktisk bli ganske emosjonelt til tider. Det er ikkje alltid orda som får deg til å gråte - 80 prosent av det vi seier, seier vi jo med kroppen.

Når å feile blir det rette
Ti sekund seinare har Ida ei jente ståande på hovudet, høgt oppe i lufta. Musikken har skifta, den bygger opp under spenninga.
- The more she fails, the more funny it will be, seier Jeanette, dagleg leiar, som stikk innom øvingslokalet.
Her blir det knall og fall – og det blir det trena på. Tora har òg gjort feil på scena.
- Eg prøvde det same trikset fleire gonger, men det gjekk berre ikkje, fortel 11-åringen. Men det stressar ho seg ikkje opp over lenger. Dei fleste i publikum veit jo ikkje kva som eigentleg skulle skje.
- Som oftast går det an å improvisere litt. Då eg ikkje fekk til det trikset, tok eg berre eit anna eg kunne godt.
Om noko kjennest farleg eller feil, har dei ein regel om å «tappe».
- Då tappar eg med handa, og då veit alle at ein skal stoppe. Går det ikkje an å tappe, seier eg berre stopp.
Tora har ein bestefar som både står på hovudet og slår hjul. Bestemor har teke opp att turn etter at ho vart pensjonist. No gler Tora seg til at dei skal sitje i salen og sjå henne sveve i lufta.

Ein anna rikdom
- Det er ikkje heilt slik at ein blir sirkusstjerne og tener lassevis med pengar. Men å drive med dette er ein rikdom for meg, seier Ida, og smiler med heile andletet. Ho ser på Tora, som er drapert i eit langt tøystykke, medan ei anna jente snurrar rundt i ein ring. Tre jenter sit på ei madrass og skravlar og ler.

- Det er jo rikt, det å sjå eit barn vekse opp i dette – og knyte band til både seg sjølv og andre.
Tora har snurra seg ut av tøystykket og står no på golvet igjen. Ho treng ikkje tenkje lenge før ho kjem med eit tips til andre som er nysgjerrige på sirkus:
- Kusina mi har faktisk nettopp byrja på sirkusskulen - ho eg hadde turneshow for kvar julaftan. Berre prøv det! Start med sommarsirkusskulen - den er for alle!

 

Andre Artikler