
Dagsturhyttene – små rom for store pust
Tekst og Foto: Mai Vabø
Dagsturhyttene er ein del av eit fylkeskommunalt prosjekt som starta i tidlegare Sogn og Fjordane i 2016, og som etter kvart har blitt rulla ut til heile Vestland. Tanken er enkel: Éi hytte i kvar kommune, open for alle, heile året. Her kan du ta ein pust i bakken, varme deg, finne ein benk og ei bok i turbiblioteket – og berre vere. Dei fleste hyttene ligg ein kort gåtur frå nærmiljøet, og fungerer som ei lågterskelinvitasjon inn i friluftslivet.
(Foto: Gro Serine Baarøy)
Sofagris på tur
For min eigen del har dagsturhyttene vore noko eg har visst om, men aldri brukt. Som Alverbuar har eg fleire i nabolaget, men sanninga er at dørstokkmila som regel er for lang. Eg trivst best under eit teppe, med ei god bok og fyr i ovnen. Likevel – som bonusmamma og redaktør i eit magasin som fremjar aktivitet og opplevingar for familiar, og då våren kom med sol og spirande energi, bestemte eg meg: Eg skulle besøke tre ulike dagsturhytter og kjenne sjølv kva dei faktisk har å by på.
Og svaret er enkelt: Ja. Dei er akkurat så tilgjengelege som dei skal vere. Det er lett å finne fram, turane er godt merka og opplevingane er – sjølv for ein sofagris type som meg – overraskande fine. Med ei varm hytte til endes, og eit lite bibliotek, skal det mykje til for å klage. Den største utfordringa var faktisk å finne born å få med på bileta. Mine tre bonusborn var lite gira på tre turar på to veker, så det fekk bli med ein.
3 hytter, 3 opplevingar
Første tur gjekk til dagsturhytta på Klepp på Voss. Turen oppover gjekk langs traktorveg med passeleg stigning, og oppe venta både utsikt og ro. Med 600 meter over havet og fleire tilkomstvegar, kan ein tilpasse ruta etter form og erfaring. Barnevogn ville eg nok latt stå att – her passar bæresele betre. Føre og ver var på vår side, og det fine er at ein kan gå heile vegen ned att til Voss sentrum. Ein ideell dagstur frå Bergen.
Neste tur gjekk til Vardetangen, saman med storebror, svigersøster, onkel, mamma og to yngre søskenbarn. Det var påske, sol og kald vind i øygarden. Den finaste ruta gjekk frå Årvika, langs sjøen og forbi både leikeplassar og badeplassar. Perfekt for ein sommardag med fleire små. Nokre parti er bratte, så skal ein trille vogn eller bruke rullestol er det betre å starte frå parkeringsplassen ved Vardetangen. Då får ein ein brei og jamn sti heilt ut til det vestlegaste fastlandspunktet i landet – med både varder, jettegryte og dagsturhytte.
Den siste turen tok eg åleine – men det føltes ikkje einsamt. Eg hadde spart det beste til slutt: hytta Fjordblikk i Masfjorden. Ho ligg heilt nede ved sjøkanten og eg var heldig med både vêr og føre. Inspirert av biletet frå nettsida hadde eg timet turen til solnedgang, og fekk heile området for meg sjølv. Stille, vakkert, og heilt uforstyrra. Ein tur eg kjem til å hugse lenge.
Frivilleg arbeid
Prosjektleiar Atle Skrede fortel at det no står 60 hytter klare i Vestland, og at alle har daglege besøk.
– Det i seg sjølv er imponerande. Men det som kanskje er endå litt morosamt, er at mange går tur til hytta, men berre eit fåtal går inn! seier han med eit smil.
Dagsturhyttene ligg både i fjellet, langs sjøen og ved vatn.
– Poenget er jo at det skal vere lavterskel og tilgjengeleg, så vi jobbar hardt med tilrettelegging, seier Skrede. Tilgjenge varierer noko, men fleire hytter har god tilkomst for barnevogn og rullestol. Kvar enkelt kommune har ansvar for drift og vedlikehald, med god hjelp frå frivillige.
– Jamnt over er standarden høg, og vi er takksame for alle som brukar og bidreg.
Den siste planlagde hytta i gamle Hordaland er tenkt plassert på Askøy.
– Vi veit enno ikkje kvar eller korleis, men vi håpar det blir avklart snart. I mellomtida kan vi glede oss over dei mange flotte hyttene som finst, seier han.
Hyttebok
Skrede vil ikkje peike ut nokon favoritt, men seier at variasjonen er stor og at kvar hytte har sin eigen atmosfære.
– Det kjem heilt an på humøret og dagen du besøkjer. Nokon likar best å sjå havet, andre vil opp i høgda.
Vestland fylkeskommune har også gitt ut ei eiga dagsturhyttebok med oversikt over kvar hytte, parkeringsmoglegheiter og turbeskrivingar. Boka er gratis og finst hos mellom anna hos Bergen og Hordaland Turlag, Vestlandshuset, på biblioteka og i fleire kommunale bygg.
Det nyaste tiltaket i prosjektet er informasjonstavler om kulturlandskapet du går gjennom på veg til enkelte hytter. Den første av desse er sett opp ved Vardetangen.
Dagsturhyttene er kanskje små i storleik, men dei har plass til mykje – kvilepuls, matpakke, høgtlesing, stillheit. Og i ei tid der mange av oss treng både luft og ro, og kanskje utløp for energien til ein vilter 3-4-5-6-7-8-åring, er det noko verdifullt i å vite at dei finst.