
Alle barn fortener å trivast i eigen kropp
Tekst: Mai Vabø
Illustrasjon: Adobe Stock
- Barn kan allerede i 3-4 årsalderen byrje å utvikle eit negativt kroppsbilete. Kroppsmisnøye kan ha stor negativ innvirkning på barns helse, og kan for eksempel medføre lav sjølvkjensle, depresjon, angst eller i alvorlige tilfelle spiseforstyrringar. Målet med nettsida er å vere ein ressurs for foreldre og andre vaksne som lurer på korleis dei kan snakke om kropp og sjølvbilete, slik at vi kan førebygge og hjelpe før ein kjem til dette stadiet, seier Nina Hvidsten. Ho og Marte Vigeland møter Barn i Byen for å fortelje om den nye nettsida "Trygg i Kroppen."
Enkle tips og hjelp
Korleis kan vi hjelpe barn og unge til å bygge eit godt forhold til eigen kropp? Kva seier ein dersom barnet spør om proteinpulver, blir veldig fort mett, eller ofte samanliknar seg med andre? Dette og mykje meir finn ein enkle svar og forklaringar rundt inne på nettsida. I tillegg er det eigne temasider om meir spesifikke problemstillingar som kroppsbilete, matvanar og vekt og helse.
- Vi ser at foreldre ønsker seg konkrete tips og vil vite kva dei skal seie eller svare. Så vi har laga ein eigen del på nettsida der ein finn eksempel på situasjonar og ting som barn kan seie, og korleis som forelder ein kan handtere det, fortel Nina.
ROS er eit lågterskeltilbod for alle som strevar med mat og kropp. Dei møter ofte menneske som allereie har ein spiseproblematikk eller ei spiseforstyrring. Dei tilbyr samtalar, råd og hjelp til barn og unge som slit med sjølvbiletet, og har ressursar også for pårørande. Men denne nye nettressursen skal vere førebyggande, og gi hjelp før mat og kropp vert eit problem.
Gode førebilete
Forsking viser at gode samtalar heime kan førebyggje at negative tankar får for stor plass hos barnet. Vi som vaksne speler ei viktig rolle ved å vise at kroppen er meir enn utsjånad, og at mat er noko vi treng for å ha energi og trivast. Går ein for eksempel inn på temaet Kroppsbilete, finn ein underkategoriar med informasjon om kva kroppsbilete er, og korleis vaksne sitt kroppsbilete kan påverke barna.
- Barn ser jo ofte på foreldra sine, for eksempel mamma, som verdas finaste. Om mamma står i spegelen og snakkar negativt om sin eigen kropp kvar dag, vert det etter kvart vanskeleg for barnet å finne gode og fine ting ved sin eigen kropp også. Difor er det viktig å vere eit godt førebilete, og vere obs på korleis ein snakkar om seg sjølv også. Dette kan for mange vere den mest utfordrande delen, seier Marte.
Aktivitet og leik
Innhaldet på nettsida er i stor grad basert på førebyggingsprogrammet Trygge Kropper Trygge Barn (TKTB). TKTB er den norske omsettinga av ein foreldreressurs utvikla av forskarar ved La Trobe University i Australia.
På den nye nettsida “Trygg i Kroppen” finn ein ikkje berre informasjon og råd, men også forslag til aktivitetar ein kan gjere saman. Aktivitetane har fokus på kva som gjer kvart individ unikt, og framhevar at dette er viktigare enn korleis kroppen ser ut. I tillegg legg aktivitetane vekt på kva kroppen kan gjere: Kroppen min lar meg springe fort, hoppe langt og leike ute. Den gir gode klemmer til dei eg er glad i. Kroppen er meir enn slik han ser ut, sjå kva eg kan gjere!
- Det handlar om å utvikle det positive synet på seg sjølv.
Utfordrande samfunn
Sjølv om det i dag er større fokus på, og meir vanleg med positiv forsterking hjå barn, opplever mange foreldre også kritikk dersom dei fokuserer mykje på barnas valg og kjensler. “Mammapolitiet”, “krenkesamfunn” og meir er ord som er flittig brukt i både kommentarfelt og kvardagen til mange. Det kan vere vanskeleg å stå stødig i korleis ein ønsker at sitt barn skal bli behandla og snakka til og med av besteforeldre, utvida familie, eller samfunnet generelt.
- Kunnskap er makt. For å kunne kjempe for eigne barn og eigne meiningar, må ein ha kunnskap og forsking på si side. Denne nettsida er ein ressurs for dette, og kan forhåpentlegvis også brukast til å hjelpe fleire å forstå korleis kropp og sjølvbilete fungerer hjå unge barn, avsluttar Marte.
ROS
For dei som opplever at kropp og mat begynner å ta for stor plass i tankane, kan det vere godt å vite at det finst nokon å snakke med. Ein treng ikkje ha ei spiseforstyrring for å oppsøkje råd. ROS tilbyr samtalar for både barn, unge og vaksne som ønskjer støtte og rettleiing. Den nye nettsida blir ein del av dette tilbodet, slik at fleire kan få tilgang til viktig kunnskap på ein enkel og tilgjengeleg måte.
Alle barn fortener å trivast i eigen kropp.