06 - En Ny Møteplass.jpg
21. februar 2025

Spillkultur: Ein ny møteplass

Kvar fredag ettermiddag skal Åsane kulturhus bli den nye heimen til trillande terninger, klakkande tastatur, og mykje latter. Her finn vi ungdom som deler ein felles lidenskap: spel og gaming. Bak det nyetablerte tilbodet står Foreningen Spillkultur, med eit klart mål om å fremje kunnskap om spelkulturen og skape eit tryggare, varmare samfunn for barn og unge.

Tekst: Mai Vabø
Foto: Tove K. Breistein

Dagleg leiar Kenneth Flage er drivkrafta bak det heile. Med seg har han eit team av seks unge, mellom 16 og 20 år, som styrer aktivitetane med engasjement og kompetanse. Flage legg vekt på kor viktig det er å verdsetje ungdomane sitt arbeid og engasjement:
– Dei sit på unik kunnskap og erfaring som er uvurderlig for oss i Spillkultur. Samtidig er dei gode rollemodellar for dei yngste i miljøet, noko mange av dei ikkje har hatt mykje av tidlegare. Her får dei betalt for å drive med det dei brenn for, og kjenne på verdien av eigen kompetanse.
Den yngste av desse rollemodellane er Aurora Amundsen Heggernes (16), som er gamer. For henne er fellesskapet i Spillkultur eit trygt rom der ho kjenner seg akseptert.
– Som jente i gamingmiljøet har eg ofte opplevd hets og dømande kommentarar. Her er det annleis. Eg håper å bidra til at andre unge gamer-jenter ikkje gir opp. Ikkje la andre stoppe deg frå å gjere det du liker!

Frå idé til fellesskap

Spillkultur har etablert eit fast tilbod i Åsane kulturhus, der gaming-entusiastar kan møtast kvar fredag mellom 15 og 20. Her er det alt frå brettspel og rollespel til workshops og foredrag, tilpassa deltakarane sine ønskje. Nokre fredagar er generelle dagar, medan andre dagar har eit tema. Fredag 24. januar sto rollespel i fokus, medan veka før var det workshop i improvisasjon.
Emil Ask (19) er rollespel-eksperten til Spillkultur. Han kjenner på kor viktig det er å ikkje pushe, eller dra barn ut i verda, men å møte dei der dei er, og ta seg tida til å prate med dei.
– Gaming er sosialt, ofte meir sosialt enn mange andre aktivitetar. Berre ikkje på den same måten. Her kan eg bidra til at barn og unges sjølvtillit veks, at dei bygger sitt eige sosiale nettverk, og ikkje berre dras i retningar andre ønsker at dei skal gå. Det treng mange som kjem inn i miljøet her. 
For Selma Sundt Mjelle (18) er det kombinasjonen av kreativitet og fellesskap som trekkjer henne hit. Ho jobbar med grafisk design for Spillkultur, og har mellom anna designa maskoten deira.
– Det fine med dette miljøet er at ein kan finne seg sjølv, uansett kva ein interesserer seg for. Her er det rom for alle, og ein finn alltid nokon å henge med, seier ho.

Cosplay og kreativ utfalding

Vilje Wold (18) held cosplay-workshops og deler av sin lange erfaring innanfor kostyme-laging. Hen meiner cosplay er ein fantastisk måte å uttrykke kjærleiken for kultur og karakterar på:
– Mitt første kostyme var No Face frå Spirited Away. Eg oppdaga gleda ved å bringe noko eg elska til live, og sjå korleis det smitta over på andre. Cosplay er ein utadvendt del av kulturen, men det kan også vere ei utfordring. Vi utset oss for stigma, og då er det viktig å ha eit fellesskap som støttar og forstår. Her i Spillkultur kan vi berre vere oss sjølve og ha det gøy med det vi brenn for.

Framtida for Spillkultur

Tilbodet i Åsane er berre byrjinga. Flage fortel at dei ønskjer å utvide til fleire regionar i Bergen og inkludere organisasjonar og skular i prosjektet.
– Etter at vi mista Spillhuset, var det viktig å skape eit nytt samlingspunkt. Allereie no ser vi at mange som var knytt til Spillhuset, finn vegen hit. Det er veldig kjekt, og vi ser fram til å utvikle tilbodet vidare.
Spillkultur er meir enn berre spel. Det er eit fellesskap, ein arena der unge som kanskje ikkje finn sin plass andre stader, kan bygge nettverk og følge lidenskapane sine. Og kvar fredag i Åsane kulturhus, med terningar, kostymer og tastatur, blir dette fellesskapet sterkare.

 

Andre Artikler