04 - En Ny Møteplass.jpg
19. februar 2025

Ei verd av moglegheiter og utfordringar

Gaming er blitt ein av dei viktigaste og største fritidsaktivitetane for barn og unge i dag. Men for mange foreldre kan det kjennast som eit ukjend og kanskje litt skummelt univers. Kva inneber eigentleg denne verda av skjermar, avatarar og onlinespel? Korleis kan ein støtte barna sine i gaming-interessa, samstundes som ein skaper trygge rammer?

Tekst: Mai Vabø  Foto: Tove K. Breistein

 

Kenneth Flage frå stiftinga Spillkultur og Maria Eriksen, tidlegare dagleg leiar for det no nedlagde Spillhuset, har begge mykje erfaring med gaming i eigen oppvekst og saman med eigne born. I tillegg møter dei unge i spelkulturen dagleg. Dei understreker at kunnskap og engasjement frå dei vaksne er nøkkelen til å skape eit trygt og inkluderande miljø for gaming.

              – Det er alt for mykje synsing når det kjem til gaming og spelkulturen, meiner Kenneth.

              – Foreldre veit ikkje nok, og baserer seg ofte på frykt. Frykt for vald i spel, for eksempel, er for lengst bevist at ikkje påverker barn og unge slik mange trur. Aldersgrenser er eit anna eksempel. Det er viktig å sette seg inn i aldersgrenser og forstå kvifor dei er som dei er, men også å kjenne sitt barn. Spel med lågare aldersgrenser kan vere skumlare og mindre regulert enn dei med høge grenser. Ein skal ikkje sjå seg blind på eit tal, men vere kritisk når det trengst. Det krevjer kunnskap.

Aktiv vs passiv konsum

Maria trur at sosiale medium ofte kan vere meir skadeleg enn rein gaming:

              – Sosiale medium er eit godt døme på korleis passiv konsum kan ta over. Eg er langt meir bekymra for dette, enn for aktive hender og hovud på ein spelkonsoll. I mange spel får ein bruke både strategi og samarbeid, og det kan verke utviklande på fleire nivå.

              Samtidig er ikkje alle spel skapt like. Nokre er designa for å trekke pengar ut av spelarane, noko som gjer det viktig at foreldre set seg inn i kva barna speler.

              – Små summar kan bli mykje i lengda, påpeiker Maria.

              – For eksempel er det forskjell på «pay to win»-spel, der ein må betale for å kome vidare, og spel som Fortnite, der pengar kan brukast men ikkje er eit krav for å bli god eller vinne. I tillegg er det sosiale på Fortnite mykje meir regulert enn for eksempel Roblox, som eg vil kalle «vill vill vest». Det er spesielt viktig å følge med her på kva barna speler og kven dei kommuniserer med.

              Maria påpeiker at hennar eigne born får spele Fortnite, men ikkje Roblox, og Kenneth nikkar. Det same gjeld heime hjå han. Men det er også gjerne her dei møter mest motstand frå andre foreldre. 

              - Det er nok ein av diskusjonane eg har oftast på foreldremøter og i møte med andre voksne. Det er ikkje så lett å skjøne dersom ein ikkje har satt seg inn i dei ulike grunnane for aldersgrenser og kvifor dei er som dei er. Det er eit viktig tema å lese om, og ikkje stole blindt på. 

 

Ein stad å høyre til

Kenneth er opptatt av å løfte fram kor viktig gamingkulturen kan vere for å gi barn og unge ein plass å høyre til:

              – Mange av barna som kjem til miljø som det Spillhuset var, er dei som ikkje har funne sin plass i idrett eller andre tradisjonelle fritidsaktivitetar. Gjennom gaming kan dei bygge sjølvtillit, møte andre og skape nettverk. Det er ein arena der alle, både populære og utanforståande, kan finne tilhøyrigheit.

              Maria er enig:

              – Kvifor er det slik at barn som spelar fotballkampar har foreldre som møter opp og heiar, medan barn som brukar like mykje tid på gaming ikkje får den same støtta? Også desse barna treng skryt og å bli heia på. Kanskje meir enn dei som driv med «vanleg» idrett.
 

Møt barna der dei er

Både Maria og Kenneth meiner det er viktig at foreldra engasjerer seg:

              – Når ein set seg ned med eit barn og møter dei på deira arena, skjer det noko. Dei opnar seg, og ein blir sloppen inn. Dette gjeld alt, men mange vaksne gir ikkje gaming den same sjansen, seier Kenneth. Det handlar også om å sette trygge rammer og ha kontroll:

– Du som vaksen har kontroll. Dei fleste spel har innstillingar som gjer at du kan tilpasse dei til ditt barn sitt nivå, oppfordrar Maria.

              – Du kjenner ditt barn best, men for å kunne sette gode grenser må du vite kva du seier ja eller nei til.

Det er viktig å sette seg inn i aldersgrenser og forstå kvifor dei er som dei er, men også å kjenne sitt barn

Meir enn berre skjermtid

Det viktigaste for begge er likevel å forstå at gaming ikkje berre handlar om skjermtid, men om kultur, fellesskap og utvikling:

              – Gamingkulturen er ein plass der ein kan få vere seg sjølv. Det er noko unikt som gjer at mange finn si røyst, avsluttar Kenneth.

              For foreldre og foresatte som er usikre på gaming som hobby, er bodskapen klar: Engasjer deg, set rammer og møt barna der dei er. Gaming kan vere meir enn berre ein fritidsaktivitet – det kan vere nøkkelen til meistring og fellesskap for dei som treng det mest.

Andre Artikler