Sjonglerende dame_Skråblikk-web.jpg
01. oktober 2024

Kvardagsmagi

Der for han jammen igjen… ferien! Kvart år kjennest han kortare og kortare. Den herlege tida på året der ein omsider skal kvile, nyte livet og lade batteria. Pleie familiebånd og kjærleiksbånd. Få gjort alt vi ikkje har tid til i kvardagen. Kva gjer vi no, når det er eit heilt år til neste gang?

Kvardagen kjennest tidvis som ein livslang maraton der startskotet går klokka 06:00 kvar einaste dag. Men, lat oss vere heilt ærleg: ferie med små born er som ein sjuk form for ekstremsport heilt utan sikkerhetsnett. Som å vere sjonglør i eit sirkus der ein aldri heilt veit kva for ball som kjem flygande mot deg neste gong. Eg meiner, ingen forbereder deg på at “me-time” blir dei 10 minuttene med scrolling i bilen før du går inn i huset, eller å nyte stillheita medan du febrilsk gøymer deg på do. Og ja, alle gjer det! Dei 10-20 minutta med ro er gull verd.

Den store romantiske daten som har vore planlagd i mange månader - “me tek det i ferien, då skal me verkeleg kose oss!” - blir avlyst til fordel for ein episode Peppa Gris og ein kald kaffikopp. Men hei, kva er vel meir romantisk enn å sovne saman på sofaen etter at ungane endeleg, omsider, etter mykje om og men fordi leggerutinene har flydd ut vindauget for lengst - har lagt seg?

Feriedagane som i teorien skal bety kvile og hygge, men som i praksis ofte betyr kaos med stor K. Vel har ein endeleg har tid til å vere saman med heile familien, men det inneber også å vere saman heile tida. Så der sit du, på ei overfylt strand eller i eit heitt telt, og lengtar heim til den kjente, trygge kvardagen.

Så når alt kjem til alt, kva er det eigentleg ein ser fram til?

Kvardagen, der rutinane er så trygge som eit par slitte tøflar. Kvar dag er ei utfordring, men med sine faste haldepunkt. Born som skal på trening, der andre kvardagsheltar tek imot dei med eit smil, slik at ein rekk å køyre på butikken. Kven skulle tru at ein kunne finne ro midt mellom melkekartongar og brødhyller? Men der er det: eit lite glimt av ei roleg stund, midt i kvardagskaoset.

Eg må innrømme at i vår heim er tida i kvardagen like knapp som haustdagane som er på veg. Køyring, henting, handling, middagslaging... før ein veit ordet av det er klokka langt over leggetid, og ein har knapt rukke å ete kvelds før ein må dra fram tannbørsten og håpe på ein god natts søvn.

Men kanskje det er her kvardagsmagien ligg – ikkje i dei store augeblikka, men i dei små, stjålne stundene. Lysglimta. Som når du får ein klem frå ein sliten liten kropp, eller ser at ungane har det bra, sjølv om du sjølv er heilt utslitt. Kvardagen er kanskje travel, kaotisk og full av oppgåver som aldri tar slutt, men det er også her ein finn gleda – i dei små tinga som gjer at ein klarar å smile gjennom kaoset.

Så nei, kanskje eg ikkje treng meir ferie akkurat no. Kanskje det er i kvardagen, mellom middagstid og leggetid og leiketid og leksetid, at livet verkeleg skjer – og kanskje det er her dei beste minna vert skapt.

Så ja, kanskje det ikkje er så gale likevel å ha eit heilt år til neste ferie. Då har vi i alle fall god tid til å planlegge alt vi ikkje kjem til å få tid til å gjere då også.

 

Andre Artikler