
VM i Speiding
Foto og tekst av Ylva Catodotter Fyllingsnes
- De kjem til å bli vurdert på hygiene, eit balansert måltid og godt samarbeid. Speidarleiar Bernt Olav Økland snakkar til dei oppstilte gruppene, Gaupe 1 og Gaupe 2.
Etter eit samla speidarrop set alle i gong. Det vil seie, alle går inn og vaskar henda. Etter knappe fem minutt har nokon sleika seg på tommelen, og må inn og vaska henda igjen. To er godt i gong med å sette saman primusen. Amanda Brendehaug køyrer ein stor, svart kniv i eit kålhovud. Ho er nøye når ho skjer.
- Dette er litt gøy!
Gruppeleiar Louise Braseth har plukka seg eit utval gulrøter og skal skrelle disse. Speidarane skal lage betasuppe til første rett. Midtdelen av primusen er sett saman opp ned, men innan kort tid er dei på rett kjøl att.
- Små bitar, så sparar vi-, speidarleiar Økland blir avbroten.
- Gass! Sjå kor små dei er då, kontrar Amanda. Speidarleiaren er innom for ein sjekk, men han tek seg fort i det.
- Min jobb er eigentleg å halde meg mest mogleg unna. Dei har for det meste full kontroll, desse speidarane.
Ein brokkoli til besvær
- Kven i all verda har brokkoli i betasuppe eigentleg?
Amanda er litt i stuss over om dei grøne kvastane skal få sin plass i suppa. Ho kastar eit blikk på gryta og slår fast at den er nesten full. Men litt pølse får dei nok plass til. Speidarane puttar oppi pølse heilt til det renn over, så puttar dei i litt til. Så er det tid for å smake. No er det lukta av betasuppe som siv over tunet.
Utedyr
Medan det dampar frå fem speidarfat, har gjengen omsider tid til å fortelje kva som gjorde at dei starta i speidaren.
- Storesøstera mi gjekk i speidaren. Ho fortalde alltid frå turane om alt det artige dei gjorde, som å sove i snøhole, og at dei laga pizza og pannekaker ute. Det ville eg også gjere, fortel Louise. Og no skal ho altså vere gruppeleiar under konkurransen på Herdla, utan at ho verkar særleg nervøs for akkurat det. Marta Økland tenkjer seg litt om.
- Eg har alltid sett på meg sjølv som eit realt utedyr! Og ute skal dei også vere heile helga på Herdla. Speidarane søv i telt frå fredag til søndag, og sjølve matlagingsoppgåva er på laurdagen. Leirbålet laurdagskveld ser dei fram i mot med skrekkblanda fryd, for då skal dei nemleg fortelje historier medan alle dei andre speidarane høyrer på.
Konkurransen
Fordi akkurat denne speidargruppa er nyoppstarta førre haust er det første gong dei er med i VM, også kalla Vestlandsmeisterskapen. På Herdla vil nokre grupper kvalifisere seg vidare til Noregsmeisterskapen. Det manglar ikkje på sjølvtillit i denne gjengen, trass den litt korte levetida til klubben så langt.
- Det første speidarane våre spurde om då eg fortalde at me skulle delta var; “Kva kjem etter NM?”.Speidarleiaren må humre litt og slår fast at dei har absolutt trua på seg sjølve, men så skal dei også møte fleire som har gått i speidaren sidan dei gjekk i førskulen.
- Eg håpar mest at dei får ei kjekk oppleving med å vere med, og at det også er spanande å sjå korleis dei andre speidarane løyser sine oppgåver.
Når speidarane kjem til Herdla skal dei slå leir, og laga all mat sjølv. Dei vaksne speidarleiarane har ein eigen leir, og kan ikkje bu saman med dei yngre speidarane under konkurranse.
Speidermerka
Einaste 5. klassing på gruppa, Adriana Taule, har nokre speidarmerker frå før frå ei anna speidargruppe. Ho fortel at det går an å ta alt frå knivmerke, til bålmerke og til og med journalistmerke.
- Første gong ein tek knivmerket lærer ein å bruke kniv på ein trygg måte. Men ein meir erfaren speidar vil ta eit merke som er meir spesialisert. Til dømes å skjere til ein smørekniv, eller ein vandrestav.
Adriana planlegg å ta alle merka, før eller sidan.
- Eg kjem nok til å vere speidar heilt til eg er vaksen, eg, seier ho etter å ha gjort seg ferdig med heile oppvasken i ein balje ute. No er dei andre i gong med å lage dessert – fruktsalat med vaniljesaus.
Det beste med å vere speidar
Speidarane har nesten ikkje trengt å snakke om sjølve oppgåva, alle har funne noko å kutte opp eller å vaske.
- Ein speidar lærer alt mogleg ein kan få bruk for i livet. Å laga mat, halde varmen, og å slå leir, fortel Louise. Gruppeleiaren går på fotball i tillegg til speiding, men ho trur ho kjem til å få bruk for speidartriksa sine mest. Amanda Brendehaug er einig.
- Ja, ein lærer faktisk å overleva ute. Heilt sjølv. Det er jo ganske kult!
No er bananer skoren opp, eple er skala og kutta, og det er straks tid for å smake på den friske desserten. Men å få opp alt skalet frå bakken når dei er ferdig tek litt tid.
- Akkurat å rydde er vel det som er mest kjedeleg! Marta Økland synes epleskalet sit vel godt fast i bakken.
- Men me speidarar legg helst att ein takk og ingenting, kontrar speidarleiaren, som i dette tilfellet også er pappa. Inga nåde, sjølv for døtre eller andre. Ein speidarleir skal ikkje ha verken avfall eller store spor att etter seg når dei er ferdig. Marta har fått alt skalet opp, og no er det velfortent dessert til alle, ingen klagar på at det berre er ei pakke vaniljesaus på deling. Generalprøven er over, og alle kan sjå fram mot ei helg med venner, allsong, og leirbål på Herdla.