
Språkrevolusjon
Tekst og foto: Mai Vabø
Illustrasjon: Lilly Noelle Revheim, 5. trinn
SNILL. Ordet skal legge grunnlaget for ein 3 veker lang aksjon på tvers av heile skulen, som fokuserer på å betre den negative utviklinga av elevane sin språkbruk. SFO har pynta skulen sine fellesområde for prosjektet, felles lekser går ut til alle, foreldre og FAU er med på laget, og elevrådet har planlagt i fleire månader for å vere forberedt på jobben dei skal gjere.
Eit stort ansvar
Thea Lygren Larsen, Leah Larsen Hamre, Ulrik Karlsen og Marianne Larsen er i elevrådstyret. Dei går alle i 7. klasse, og kjenner på ansvaret dei har fått av skulen.
- Det har vore mange møter for å gjere alt klart, og planlegge kva vi skulle gjere, fortel dei. Som ein del av elevrådet skal dei alle ha grøne vester på i friminutta, med SNILL på ryggen, og hjelpe dei andre elevane med å bli meir bevisst på språket sitt.
- Mange er ikkje klar over tydinga av orda dei bruker, eller det er blitt ein så naturleg del av språket at dei ikkje tenker over at dei bruker stygge ord. Det er ikkje alltid vondt meint, men er blitt normalisert. Så alle må hjelpe kvarandre å bli betre og meir bevisst, seier dei.
7. klassingane mimrar tilbake til sine egne dagar som 1. og 2. klassingar. Dei har merka at det er langt meir stygt språk blant dei yngre no. Det er svært bekymringsverdig, meiner dei.
- Når vi var små var det stygt å geipe. I dag har vi fleire små born som bruker banneord og skjellsord i daglegtalen. Det er trist, og vi tar det veldig seriøst. Men dei lærer av oss som er eldre, så vi må også ta oss sjølve i det. Det blir utfordrande, men forhåpentligvis er alle med på prosjektet og det blir ei positiv endring.
SNILL
- Språk handler om meir enn berre orda dine, forklarar Else i gymsalen. Ho snakkar til heile skulen om korleis auga og kroppen ofte kan seie meir enn ord. Men orda er også viktig. Å vite kva det du seier betyr, og ikkje berre slenge avgarde gloser til nokon, kan gjere stor skade. Difor er akronymet SNILL viktig.
Sant
Nødvendig
Inspirerande
Lurt
Lov
Regla er laga for å få elevane til å stoppe og tenke over kva dei eigentleg seier. Er det sant? Er det nødvendig å seie? Er orda inspirerande? Er dei lure, og ikkje minst; er det lov? For enkelte ord er jo faktisk ikkje lov å seie til eller om andre. Veit du om nokon slike ord?
Barndomsheltar
Elevane i salen rettar seg i ryggen i det politisirener fyller salen. På skjermen dukker innsatsleiar i Bergen Politi opp. Han har fått nyss i prosjektet, og oppmuntrar alle til å tenke seg nøye om, og bruke gode ord. Han er følgd opp med videobeskjed frå Brannvesenet - i full uniform og på plass i bilane sine - om å vere snill. Så kjem det eit kollektivt gisp frå alle elevane i salen i det sjølvaste Joachim Soltvedt, i BRANN-drakt og grønt armband, kjem på skjermen. Han fortel at det også på bana, i leik, og spel, er viktig å respektere kvarandre. Han fortel at han bærer sitt armband med stoltheit.
- Det må også du gjere, seier han.
Til slutt får elevane lov å gå tilbake til klasseromma sine, der lærarane ventar med kvart sitt grøne armband til alle. Kvar elev signerer på at dei skal delta i prosjektet, og følge SNILL-regla, før dei mottek sitt eige armband. Dette skal brukast dei neste tre vekene.
Blir ikkje null-tal
- Målet er bevisstgjering og reduksjon av negativ språkbruk. Vi reknar ikkje med null-tal i banning og krenking, men all redusering er positivt. Og så vil vi samtidig auke ordforrådet, finne alternative ord og auke mengda fine ord som blir brukt, fortel Else. Ho trur noko av det som vil gjere prosjektet til ein suksess er innsatsen som er lagt i å inkludere heimen og omgivnadene.
Ei spesiell lekse som heile skulen får, er også hemmeleg for dei heime. Alle elevane skal nemleg skrive ned ord dei ikkje liker å høyre utanfor skulen. Det skal lagast ei felles ordsky, som blir sendt heim til alle, for å understreke språket som er i bruk. Alle skal gå gjennom orda, snakke om meiningane og reflektere over bruken saman i heimen. Det er fare for at det blir eit tøft møte for enkelte.
- Mange lærer og tar med seg ord heimefrå. Språkbruk er ofte like mykje normalisert heime som i skulen og sosialt. Eldre søsken og foreldre som ikkje tenker over kven som høyrer dei. Det er vanskeleg, men viktig å jobbe med slike tema heime også, avsluttar Else.
Etter prosjektslutt
Tre veker seinare er prosjektet på Nygårdslien ferdig. No er mai her, og skulekvardagen er tilbake til normalen. Men korleis har det gått?
- Det har vore ei positiv utvikling i bevisstheten rundt språkbruk, fortel Else på telefonen. Ho fortel at spesielt foreldre og føresette har uttrykt begeistring og glede over prosjektet ettersom vekene har gått. Else møter mange av dei i skuleporten kvar deg, der ho tek i mot elevane.
- Mange kjem bort og fortel kor deilig det er at dette vert tatt tak i på ein ordentleg måte, med mål og meining. Det må tas steg for steg, men eit prosjekt som dette, på tvers av heile skulen, er ein god start, seier ho. Spesielt dei minste har tatt til seg fokuset på språkbruk.
- I løpet av skuledagen er det mange som kjem for å “sladre” på dei heime, og kan fortelle at dei måtte irettesette nokon for negative ord. Også på skulen er dei flinke å ta kvarandre i det, og dermed også ta seg sjølv i det før orda kjem ut.
Det er også viktig å understreke at prosjektet ikkje har handla om å kjefte, eller sladre på kvarandre.
- Bevisstgjering betyr ikkje at lærarane har vore ekstra flinke til å kjefte på elevane som lar sleppe gloser i skulegården, eller at elevane skal bli flinke til å sladre. Det handlar mest om språket som er normalisert. Kvifor kan ein ikkje bruke “veldig”, istadenfor “jævlig”? undrar Else.
Det neste steget på Nygårdslien skule er ei kjempestor ordsky - denne gongen med positive ord. Denne skal også lagast av elevane, og målet er å få hengt den opp ute i skulegården. Slik skal alle minnast på kva ord som er gode, kjekke og fine å høyre.
- Det er no arbeidet startar. No skal alt vi har jobba for haldast ved like, og alt vi har lært må tas med vidare. Språkbruken i dag er ikkje berre eit skuleproblem, men eit samfunnsproblem, slår rektor Else fast.