
Saman er vi mindre aleine
Tekst: Mai Vabø
Foto: Tove K. Breistein
- Det er noko heilt eige i å oppleve born som ikkje kjenner kvarandre skape nye minner saman. Når vi reiser på tur forsøker vi alltid å skape eit felles område der borna er trygge og kan få fridomen til å utforske og oppleve utan bekymringar. Trygge rammer, med nok vaksne og delt ansvar. Det er mykje som skal klaffe av alder, kjønn og interesser, men med tanke på kor mange vi har med oss på kvar tur finn alle som regel nokon å bygge vennskap med, fortel Carina Ulvestad-Vacas.
Auga lyser når Carina fortel om felles sommarturar til Kristiansand, og besøk i dyreparken. Om Tusenfryd og Badeland og Mineralparken. Det er ikkje dei planlagde aktivitetane som sit igjen som dei beste sommarminnene, trur ho. Det er augeblikka innimellom. I forberedinga til middag, i leiken mellom hyttene, og vasskrig på bare bein. Det er her borna veks. Det er her dei vaksne også får skape nye minner i minnebanken, utan bekymringar. Her også dei får bygge seg eit sosialt nettverk som ikkje består av foreldre i klassen til borna, eller andre som dukker opp i kvardagskabalen, og forsvinn like raskt.
Kven, kva, kor?
AFFO Bergen arrangerer alt frå kinobesøk og teaterturar, til felles sommarferie for medlemma sine. I år er planen nok ein tur til Kristiansand. Det er kjekt å reise tilbake til stader der både born og vaksne har positive minner allerede. Forventningane er store, og nostalgien vedlikeholdt år for år. Og det heile er sponsa av foreninga, mot ein liten eigenandel.
I Noreg finst det omlag 210 000 familiar med einsleg forsørgar. Rundt 18% av born i landet har aleineforeldre. Overvekta er mødre, men også ein del fedre. Aleineforelderforeninga diskriminerer ikkje. Her er alle velkomne. Men få vel å benytte seg av tilbodet.
- På landsbasis har vi rundt 1600 medlem, og mange har aldri deltatt på aktivitetar, fortel Carina. Ho er leiar i AFFO Bergen og Omegn, med sine 211 medlemsfamiliar og rundt 500 individuelle born og vaksne. Det seier seg sjølv at dette ikkje er særleg mange rekna opp mot talet på aleineforeldre. Ho trur det kjem av fleire grunnar. Mange veit ikkje om AFFO og arbeidet dei gjer. Andre kjenner på presset for å komme seg vidare, ut av situasjonen sin, og vil ikkje favne om begrepet. Men sjølv dei som har funne seg nye sambuarar og ikkje lenger er “aleine” i den forstand er velkomne.
- Ein sluttar ikkje å vere aleineforelder, sjølv om det kjem inn ein til person, forsikrar Carina. Litt av poenget med organisasjonen er å tilby ein sosial friplass, også for dei vaksne. Ho påpeiker at sosial fattigdom kan vere eit vel så stort hinder som rein økonomisk fattigdom. Og AFFO er ikkje avlasting.
- Alle som blir med på aktivitetane våre har ansvar for egne born. Dette skal vere meint som kvalitetstid og avslapping saman, ikkje ein pause frå pliktene som foreldre. Men vår erfaring er at mange knyttar nære bånd med andre i foreninga, og utviklar relasjoner på den måten. Plutseleg har dei ein sosial sirkel som står tilgjengeleg med barnepass, og kan hjelpe med å dekke andre behov. Det er målet.
Ikkje noko nytt
Aleneforelderforeningen vart stifta ein gong på 60-talet. Ingen veit heilt kven det var, eller korleis det vart til, og aktiviteten har vore opp og ned, men for tida ser ein stor oppgang i både antall medlem, frivillige og deltakarar på aktivitetane arrangert av organisasjonen.
- Det er jo i vinden, dette med utanforskap, å løfte dei svakaste. Inkludering. Foreninga er politisk uavhengig og heilt livssynsnøytral. Vi fokuserer på å kjempe mot barnefattigdom og sosial utanforskap. Begge ser vi at ofte er eit resultat av å bli aleineforelder, fortel Carina. Ho trur ikkje det er bevisst, men fortel at mange mister sin sosiale sirkel som følge av samlivsbrot, mindre sosial kapasitet og det vert endå vanskelegare å få kvardagen til å gå opp.
Aleineforelder
Kva tankar, kjensler og fordommar ligg det i ordet for deg?
Vi er ikkje lenger der at ein vert dømt for omstender ein sjelden kan hjelpe for. Det er ikkje lenger grunn til å leve som utstøtt å oppdra eit eller fleire born aleine. Ein er ikkje mindre verd, eller har manglande evne til å halde på familielivet. Istaden vil dei fleste seie seg einig i at berre dei sterkaste blant oss er skikka til denne tilværa. At det krevjer meir enn dei fleste av oss kan forestille seg. At dei ser opp til sine medmenneske som er henvist til dette av livets harde skule. Men er det eigentleg mindre dømmande? Og er vi flinke nok til å støtte, ikkje berre i ord, men i realiteten? Er ikkje dette også ein måte å skilje “dei og oss”?
- Eg trur mange nøler med å kontakte oss fordi det ligg ein gøymd skam i det å vere aleineforelder. Ofte ein vi legg på oss sjølve, meir enn andre. Ein kan kjenne det som om ein er mislukka. Å bli med i Aleineforelderforeningen oppleves for nokon som ei omfavning av den skammen, og som å seie at dei ikkje ønsker å endre det. Som å gi opp. Men det er viktig for oss å understreke at det slettes ikkje stemmer, fortel Carina. Ho fortel om verdien i andre som står i same situasjon, som opplever, eller har opplevd det same. Eit samfunn der ingen dømmer, og der også borna får sjå og treffe andre med liknande familiar som dei. Ein sosial møteplass utan økonomiske eller sosiale forventningar, og med andre vaksne som deler på ansvaret.
- I dag finst det alle moglege ulike familiekonstellasjonar. Vi forsøker berre å samle andre som oss, og ha det kjekt saman. Og om vi på vegen kan lette på dei utfordringane og vanskene mange møter på vegen, så er det også berre positivt, avslutter ho med eit smil.