Redd Barna-frivillig: – Eg vil vere "Ein god nabo"
Tekst: Mai Vabø
Foto: Tove K. Breistein
Selma Berge har budd i Noreg i mange år, men ho hugsar framleis godt korleis det var i starten. Kjensla av å stå litt på utsida. Å prøve å forstå eit samfunn der mykje ikkje blir sagt høgt, men berre forventa at du skal vite.
– Det er dei uskrivne reglane som er vanskelegast. Alt det som «alle» kan, men som ingen forklarer, seier ho.
Då ho sjølv var ny, hadde ho ein venninne som tok henne inn i det norske kvardagslivet. Som inviterte, forklarte og inkluderte. I dag er venninna 80 år, og framleis eit førebilete.
– Ho introduserte meg til Noreg på ein så god måte. Det er det eg ønskjer å gjere for nokon andre.
Små møte, stor betydning
Gjennom Redd Barna sitt prosjekt «En God Nabo» har Selma funne ein måte å gjere nettopp det på. Her blir etablerte familiar kopla saman med nyankomne flyktningfamiliar for eitt år av gangen.
Målet er enkelt: å møtast om lag ein gong i månaden, finne på noko saman, og bli kjende. Meir skal det eigentleg ikkje til.
– Det høyrest kanskje stort ut, men det er det ikkje. Ein kan finne på kva som helst, seier Selma og smiler.
Ho fortel om turar til Fløyen, besøk på open gård og kreative timar på keramikkverkstad. Enkle opplevingar, som likevel betyr noko meir når ein deler dei.
Akkurat no er det ei ukrainsk familie dei møter. Jentene i dei to familiane er jamgamle, og finn tonen raskt.
– Barna klemmer kvarandre når dei møtest, sjølv om dei ikkje snakkar same språk. Dei leikar og finn ut av det på sin måte.
Heime ventar dei to eldste døtrene, Handan Sofia (12) og Vildan Livia (14). Dei er ikkje alltid med, men Selma trur dei får med seg det som skjer likevel.
– Eg håpar dei ser kva dette handlar om. At det å bry seg om andre blir ein naturleg del av det å vekse opp.
Å ha nokon å spørje
For mange av familiane som kjem til Noreg, er det nettopp dette som manglar: nokon å spørje.
Sandra Ann Løvheim er regionsrådgjevar i Redd Barna, og ho møter alle som melder seg til prosjektet. Det er ho som set saman familiane, basert på alder, interesser og kvar dei bur, men også på ei vurdering av kva som kan fungere godt.
– For mange nye familiar er det største utfordringa mangel på nettverk. Dei kjenner ingen, og dei kjenner ikkje dei uskrivne reglane, seier ho.
Ho trekk fram dugnad som eit typisk døme – eit ord som er sjølvsagt for mange nordmenn, men framand for andre.
– Det å ha nokon ein kan møtast med, stille spørsmål til og få forklaringar frå, betyr enormt mykje. Det handlar om heilt vanlege ting i kvardagen – men dei kan vere vanskelege å finne ut av åleine.
Språk er ofte ein barriere, men ikkje nødvendigvis så stor som ein skulle tru.
– Barn bryr seg ikkje så mykje om språk. Dei finn kvarandre uansett, seier Sandra.
Selma seier det same.
– Ein finn ein måte. Litt norsk, litt engelsk, litt kroppsspråk - og kanskje litt Google Translate, ler ho.
- Ofte må også eg leite etter orda, og eg har budd her i 8 år!
Det går begge vegar
Sjølv om prosjektet handlar om å støtte nye familiar, er det ikkje ei einvegshandling. Det er noko Sandra er oppteken av å få fram.
– Dette er eit møte mellom to familiar. Begge får noko ut av det. Verda blir litt mindre når ein blir kjend med kvarandre på tvers av bakgrunn og erfaring.
Det er ei erfaring Selma deler.
– Eg føler at eg gjer noko nyttig, men vi får jo så mykje tilbake sjølve òg. Vi blir kjende med ei ny familie, får nye perspektiv og opplever ting vi elles ikkje hadde gjort.
Ho ler litt.
– Og så er det jo kjekt. Eg er glad i folk, og glad i å vere sosial. Då passar dette veldig fint.
Eit lite steg å ta
For å bli fadderfamilie må ein vere minst to vaksne – det kan vere eit par, besteforeldre, eller til dømes ei mor og ei tante. Ein må levere politiattest og delta på eit kort kurs før oppstart.
Deretter bind ein seg til eitt år.
– Det er viktig å vere ærleg med seg sjølv: har vi tid? seier Sandra.
– For dette betyr noko for dei som kjem. Det er ikkje kjekt å oppleve at relasjonen stoppar opp.
Samtidig understrekar ho at terskelen ikkje er høg.
– Ein treng ikkje vere ekspert, og ein treng ikkje ha alle svara. Det viktigaste er å vere open, nysgjerrig og til stades. Og det er alltid hjelp å få undervegs.
No er behovet stort for fleire fadderfamiliar i Bergen. Familiane som kjem, har ulik bakgrunn – akkurat no er det mange frå Ukraina, men også frå Syria, Kongo og fleire andre land.
– Det minste eg kan gjere
For Selma er valet enkelt.
– Det er lett å kjenne seg framand når ein er ny. Då betyr det så mykje at nokon møter deg med openheit og tolmod.
Ho tenkjer seg om eit lite augeblikk.
– Eg har sjølv opplevd korleis det er. Og eg hadde nokon som stilte opp for meg.
Ho smiler.
– Å få vere den personen for nokon andre – det kjennest både enkelt og veldig viktig.