06-mai_web_kappet.jpg
12. juni 2026

Leiar: Å bygge ein landsby

Da lykkeliten kom til verden, var alle himlens stjerner tent. De blinket "lykke til på ferden", som til en gammel, god bekjent! Og sommernatten var så stille, men både trær og blomster små, de stod og hvisket om den lille, som i sin lyse vugge lå. Lykkeliten - Lyktemanden

Kva er det eigentleg som gjer at barn kjenner seg trygge? Kva er det som får dei til å vekse, tørre litt meir, og finne sin plass i verda?

Sidan eg var lita, har Lykkeliten alltid vore min favoritt godnatt-song. Melodien er så fin, og teksten endå finere. Eg hugser at eg pleide å nynne den til meg sjølv medan eg låg ute på altanen ei sein sommernatt, og lytta til blader som rasla i vinden, og såg på lyset frå sola som gjekk frå solnedgang til soloppgang nesten i same augeblikk. 

Når eg no sit å skriv, har vi akkurat feira 17. mai. Og eg har tilbragt den med min vesle nevø, heilt fersk her i verda. Eg har sett på alle han er så heldig å ha rundt seg, som er der for han. Og tenkt på alle eg også var heldig nok til å ha i barndommen. Familie, ja - men og alle dei andre. Naboane. Fellesskapet i bygda eg vaks opp i. Landsbyen. Eit fellesskap eg håper Emil også får ta del i. 

I denne utgåva har eg skrive om beredskap, og det er mykje ein kan gjere for å vere klar dersom noko skulle skje. Men eitt av dei viktigaste poenga handlar eigentleg om noko ganske enkelt: Godt naboskap. Å kjenne naboane sine. Vite kven dei er, og at vi kan hjelpe kvarandre dersom det trengst. Fordi det skaper tryggleik. For oss vaksne, men kanskje aller mest for barna våre. Her er landsbyen deira. Det handlar ikkje berre om familie.

Våre barn veit kven dei skal springe til dersom noko skjer når vi ikkje er heime. Dei veit at dersom dei ringer på døra i nabohuset, møter dei vaksne som kjenner dei, som tek imot og hjelper. Dei veit kva hus det bur ein sjukepleiar i, kvar dei ofte har heimekontor, og kven som deler ut varme boller og kakao. 

Ser vi på sakene i sommarutgåva av Barn i Byen, er akkurat dette noko som går igjen. Fellesskap. Tilhøyrsle. Tryggleik.

Vi har møtt barn som finn glede og meistring hos Diamond Dance, der ulikskap blir ein del av fellesskapet. Vi har møtt familiar som gjennom «En God Nabo» oppdagar kor mykje ein lærer av å vere saman med nokon ein elles aldri ville møtt. Og vi ser korleis buekorps gir barn noko konkret å vere ein del av – med ansvar, samhald og tilhøyrsle.

No framover, i sommarferien, mister vi ein del av relasjonane frå aktivitetar og tilbod. Men nettopp då er tida for å bygge opp dei vi har forsømt resten av året. Når kvardagen slepper taket, og vi er meir ute, meir tilgjengelege, og faktisk ser kvarandre i nabolaget. Det som elles glir forbi i travle dagar, blir meir nærverande når livet flytter seg ut i hager, på fortau og leikeplasser.

Å bygge ein landsby handlar sjeldan om dei store grepa. Det handlar om det som skjer i forbifarten. Eit hei. Ein liten prat. Barn som finn kvarandre mellom hus og leikeplassar. Men det krev også litt innsats. Ein invitasjon i ny og ne. Ei open dør. Evna til å vere litt impulsiv.

Barn veks ikkje åleine. Dei veks i møte med andre, i kvardagslege situasjonar der nokon ser dei, møter dei og gir dei plass til å vere både uferdige og modige på same tid. Nettopp slik blir tryggleik til. I dei små møta. I menneska rundt oss. Og i kjensla av å høyre til, akkurat der vi er.

 

Andre Artikler