Kodepass_1670 kopi.jpg
08. april 2026

Med Kodepasset vil barna besøke Kode igjen og igjen

Kode sitt nye kunstpass gir barn stempel, oppgåver og kunstekspedisjonar – og gjer museumsbesøket til noko heile familien vil gjenta.

Tekst og foto: Ingrid Saltvik Faanes

Då Anny (4) fekk æra av å vere første mottakar av det heilt ferske Kunstpasset for barn, med musserande brus i glasset og høgtideleg seremoni – er det veldig mogleg at det heile var meir stas for Mor og Kode, enn for mottakaren sjølv. Nylanseringa er heilt gratis, og skal vere med å introdusere unge kunstentusiastar til alle dei ulike Kode-musea.

Anny var mest oppteken av å bruke teiknekritta til å skape ein nattehimmel med fyrverkeri på det store, svarte arket ho fekk på kunstverkstaden i etterkant av seremonien.

På oppdagingsferd i museet

Det ser ut som eit ordinært pass: eit lite hefte med raudt omslag, og gullforgylte bokstavar. I starten fyller ein ut namn, favorittfarge og favorittsang og teiknar eit lite sjølvportrett. Så kjem ei side som kan brettast ut til eit kart over dei sju lokala til Kode; dei fire kunstmusea i sentrum og dei tre ulike komponistheimane ute i bydelane. Passet legg til rette for at ein kan gå på oppdagerferd i alle Kode-bygga.

Siri Breistein er den som har klekka ut ideen saman med eit barnepanel.

– Museet er for alle, og vi gir no barn moglegheit til å oppdage kunsten med leik, eventyr og fantasi, fortel ho engasjert. 

– Det er eit lite pilotprosjekt dette, kan Siri fortelje.

I Fritz Taulows spor

Lanseringa er lagt til same dag som årets første kunstekspedisjon. Vår ekspedisjonsleder Malene møter oss iført nikkers, anorakk og gammal tursekk, og tek med store og små på oppdagerferd. Det kjennest og ser kanskje meir som om vi skal følgje Nansen sine skispor, men det er i Fritz Taulows målespor vi skal gå!

Taulow var ein norsk kunstnar som malte svært realistiske motiv frå samtida, gjerne med folk i ulike aktiviteter utandørs, og gjerne på vinteren. Så populære vart bileta at store museum i Paris kjøpte inn fleire! Det er elver, snø og vidder, og når vi stoppar opp og ser nærare på eit bilde med motiv av hest og slede som køyrer opp mot eit gammalt stabbur, så høyrer vi lyden av vrinsk, kramsnø og bjeller. Det er som om vi trer inn i landskapet! 

Malene stoppar opp ved nokre utvalde bilete, med tilhøyrande leik og fabulering. Det er stor takhøgde, bortsett frå at vi ikkje får lov å ta på bileta. Når ungane får i oppdrag å plinge på ei klokke når dei ser vinter, natt eller hest på eit bilete, blir engasjementet stort hos oppdagarane. 

Pling! Pling! Det heile utviklar seg nesten til ein plingfest! 

Kunstdagbok

Vel attende i kunstverkstedet opnar vi passet igjen, og skriv inn kva vi gjorde på dagens ekspedisjon. Eg må hjelpe Anny litt, men vi kjem saman fram til ei setning som vi begge er einige om at oppsummerer dagen:

Det var artig å sjå på bilete av dyr og teikne rakettar, står det pent i passet. 

Det er nesten som å skrive ei gammal skuledagbok, det einaste som manglar er vennesider.

Barna får nok ei større opplevelse av passet når dei kan lese og skrive sjølv. Anny har kanskje ikkje heilt fått med seg kva dette er, men mor er 100% med på konseptet, og måtte halde seg i skinnet for å ikkje stjele med eit morosamt lite pass til seg sjølv. 

Det er stas når innhaldet i kunstnen er det same for barn som vaksne, men at Kode legg til rette for å formidle kunsten på ungane sine eigne premissar gjennom kunstpasset og kunstekspedisjonen, gjer dette til eit heilt nytt premiss for bornas del. No vert dei invitert inn, og oppmuntra til deltaking!

Ei spanande utfordring

På veg ut får vi stempel i passet, og no er det berre seks destinasjoner att! 

– Og når ein har fått stempel frå alle sju plassane, ventar ei overrasking, fortel Siri med eit hemmelighetsfullt smil.

Eg undrar meg på om vi rekk ein tur innom eventyrstund på Siljustøl allereie i april, eller om vi skal spare det besøket til Festspillene i mai. Og kanskje er Anny litt stor for Musikkstund for 0-1-åringar på Troldhaugen, men… kanskje vi kan sleppe unna med det? 

 

Andre Artikler