
Monsterbesøk- figurteater med verksted
Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?
I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.
Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir , Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, omsett av Tove Bakke.