
Open gard på Soltun Besøksgard
Velkommen til open gard med julemarknad på Soltun Besøksgard 6. desember 2025 kl. 10-15.
Nissane er klare for sprell i gammen, det vert koseleg handel hjå ulike handtverkarar med flotte julegåver, og ikkje minst hest og vogn med bjeller.
På grunn av begrensa parkering vert det bilettsal i forkant både på inngong, køyring med finvogna (køyring med storvogna går som vanleg) og nisseshow!
Me har sjølvsagt alle dyra våre; hest, sau, gris, høner, ender, gås, kalkun og fjøskattane.
Det vert open gardsbutikk med nydeleg bakst av økologiske råvarer og mange fine julegåver, både etelige og meir varige frå Bondekunstnaren. I tillegg til dette vert det utstillarar rundt om kring på garden med fine julegåver. Me forsøker kvart år å ha god variasjon på utstillarar og ynskjer at dei stiller med godt og bærekraftig handverk.
Hest og vogn med bjeller går frå kl. 10-14. Her stiller de dykk i kø og kjøper billett på staden (35 kr per person).
Ynskjer du å kjøre med finvogna kjøper du billettar i ticketco i forkant. Denne vogna har plass til to vaksne eller ein vaksen og to born, og går mellom 11:00-12:30
Nisseshowet i gammen er ein storfavoritt blandt dei små og her gjeld det å sikre seg billettar med ein gong då dei går fort unna. Det er satt opp 4 forestillingar i løpet av dagen.
Bilettar her:
Soltun Besøksgård er tidlegare kjent som Bergen 4H undervisningsgård