Riksteatret: Apestjernen
Ei varm og spennande familieframsyning basert på den prisvinnande boka av Frida Nilsson.
Tenk å plutseleg få ein gorilla som mamma!
Ni år gamle Jonna har alltid drøymt om å ha ei mamma. Ein dag svingar ein gammal, skitten Volvo inn framfor barneheimen der ho bur – og ut av bilen stig ein gorilla. Ho vil adoptere Jonna, men Jonna er litt usikker. Korleis er det eigentleg å få ein stor, rufsete og spinnvill gorilla til mamma? Og kva om det er sant det dei seier – at gorillaer et små barn?!
Ta med barna og gjer noko gøy saman når Riksteatret gjestar kulturhuset med teaterversjonen av Frida Nilssons overraskande, morosame og gripande barnebok – ei varm forteljing om familielykke som oppstår når ein minst ventar det. Ingen familiar er like.
I hovudrolla som Jonna møter du Ina Svenningdal (fra NRKs «Linus i svingen» og «Skam») i ei leiken og fargerik framsyning med artige figurar og songar du lett kan få på hjernen.
Alder: Passar barn frå 5 år. Kr 265–320
https://www.oseana.no/event/riksteatret-apestjernen/