Bilfri dag i Bergen sentrum
21. september mellom 12 og 15.30 er det bilfri dag i Bergen sentrum
Europeisk mobilitetsveke blir arrangert 16. til 22. september. I fjor var 3351 byar i 45 land med over heile Europa. Bergen og dei andre Miljløftet-kommunane deltar også.
I Mobilitetsveka feirar og viser vi fram miljøvennlege reiseformer. Laurdag 21. september blir det Bilfri dag i Bergen sentrum. Ta med familien og opplev Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass utan bilar, men fulle av liv.
Det blir gratis aktivitetar for store og små: gjenbruksmarknad, konsert med Naboen min i Vaskerelven, spektakulært sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen, gratis sykkelservice, aktivitetsløype for barn, og mykje meir. Aktivitetane under Bilfri dag varer frå 12 til 15.30.
(Foto:Thor Brødreskift)