Taremare badefestival
Den planlagte Taremare badefestival er dessverre avlyst!
Taremare sjøbad står klart for ein super sommar, og vi feirar med høgtideleg opning av ny badeflåte.
For dei ekstra spreke blir det dødsekonkurranse – påmelding skjer på arrangementsdagen, så her er det berre å samle mot og bli med!
På Steinalderbuplassen blir det òg kjekke aktivitetar: Prøv pil og boge, kvern korn som i gamle dagar, ver arkeolog i gravekassene, eller snekre din eigen båt i smia.
Dette blir ein dag fylt med fart, leik og moro for både små og store.
Velkomen til oss – vi gler oss til å sjå deg!
For meir info: kystmuseet.museumvest.no
(Bilde:Fotokred Jan Lillebø, Museum Vest)
Lørdag 20.6.26 kl 12–16
(Bilde: Fotograf Jan Lillebø, Kystmuseet i Øygarden)