Arrangement

Museum Vest Kystmuseet-66-kopi.jpg

Sommeraktiviteter på Kystmuseet 2026

Gratis sommaraktivitetar på museet
Når: 22.06-26.06 og 29.06-03.07 kl 11-15
Dei to første vekene i skuleferien inviterer vi til kjekke og lærerike aktivitetar på Kystmuseet!
Oppmøte i resepsjonen på museet.
Her kan du bli med på:
Måndag og onsdag: Prøve deg på pil- og bogeskyting
Tysdag og fredag: Vere biolog for ein dag på open lab – ta med det du finn i fjøra og studer det med stereolupe
Torsdag: Byggje din eigen vesle båt i snikkarverkstaden vår – her er det berre fantasien som set grenser
Ein av våre tilsette vil vere til stades og vise og rettleie under aktivitetane. Aktivitetane er opne for alle, men barn må ha følgje av ein vaksen. Kombiner gjerne aktiviteten med besøk på museet, eller kanskje bading på Taremare sjøbad.
Velkomen til lærerike og morosame sommardagar hos oss!