Arrangement

Haugland vandring, foto W. Øybø.jpg

Bygdevandring på Haugland

SUNDAG 23. APRIL KL. 12.00-14.00

Bygdevandring på Haugland

Haugland skule, Hauglandsvegen 56, 5265 Ytre Arna

Haugland er ei vakker bygd der det har budd folk i lange tider. Reidun Rydland vil fortelje frå den fasinerande gards- og bygdehistoria i området, og kjentmann Terje Haugland supplerer med sine detaljkunnskapar. Turleiar er Alf Kåre Blindheim som vil servera anekdotar og småhistorier undervegs. Turen startar frå Haugland skule og endar opp i gapahuken ovanfor Botn.

Pris: gratis.

Arr.: Ytre Arna historielag