Arrangement

Feleflaum og Sogestraum.jpg

Forteljarkonsert med Hanne Oftedal og Gro Marie Svidal

Fortellerkonsert med huldrebryllup og hardingfele.

Forteljarkonsert med Hanne Oftedal og Gro Marie Svidal
Velkommen til ein leiken og stemningsfull forteljarkonsert! Her får du møte jenta som spelar i huldrebryllaup og andre eventyrskattar frå Vestlandet. Forteljingane vert fletta saman med musikk og song til ei flott oppleving for små og store.
Hanne Oftedal (forteljing og vokal) er ein forteljar som med varme og engasjement formidlar eventyr for born, unge og eldre.
Gro Marie Svidal (hardingfele og vokal) er ein av våre mest anerkjende og virtuose folkemusikarar med lang erfaring i sceniske produksjonar. Mange hugsar ho frå teaterstykket «Den vesle Prinsen». Høver frå 3 år og oppover.