Arrangement

Fargespill med Real Ones

En fargerik forestilling som feirer møtet mellom ulikheter

Bergen er kjend for gode samarbeid, og byen boblar over av kreative krefter. Likevel er det enno mange uutnytta moglegheiter for samspel. Andre stadar byggast det grenser mellom sjangrar, generasjonar og kulturar, men i Bergen sprengast det grenser, og dermed møtes menneske med ulik bakgrunn og kunnskap, og skapar ting ingen av dei kunne skapt aleine. På leit etter nye musikalske opplevingar har Fargespill og Real Ones slått kreftene sine saman!

Dette samarbeidet bekreftar den grunnleggande idéen til Fargespill: At møte mellom ulikskapar er den viktigaste kjelda vi har til vekst og utvikling! Det handlar om krafta i mangfaldet. Det beste som kan skje deg dersom du vil vekse og lære, er å møte nokon som ikkje liknar deg, og som veit og kan noko som du ikkje veit og kan. 

Både Real Ones og Fargespill er musikalske og sceniske suksesshistoriar, men med heilt forskjellig utgangspunkt. Real Ones er vaksne og erfarne profesjonelle artistar. Fargespelarane er barn og ungdom som endå ikkje lever av musikken. Men dei møtast med ein felles dedikasjon til musikken og med ein felles idé om at den andre si verd kan berike eins eiga.