Draug
Havet har alltid gitt liv og forteljingar langs kysten vår. Men når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. Ein fiskar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok ho meir enn ho trong? Var det Kraken ho fiska over? Og kvifor kviskrar Draugen i bølgjene?
I «Draug» blir publikum tekne med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå den norske kysten. Barna får møte mytiske skapningar langs ei rute, der naturen sjølv er ein del av scenografien. Gjennom leik, spenning og forteljarkunst blir publikum minna på kor viktig det er å lytte til havet.
Bli med Eventyr i Parken og opplev eit eventyrleg vandreteater for heile familien!
Betal det du kan. Fra kr 100. Kjøp billetter her