
Barnas store orgeldag
Hvor og når: Skjold kyrkje og Bergen sentrum, laurdag 20. september kl. 11-16.
Hva: BIT20 Ensemble og Bergen kirkeautunnale inviterer store og små til å oppleve det største instrumentet i verda – orgelet.
Skjold kyrkje:
I Skjold kyrkje blir det fullt av aktivitetar for born og vaksne. Her kan ein lære meir om det majestetiske orgelet og kome heilt tett på instrumentet. Det vert minikonsertar, orgelbygging og høve til å prøvespele. Du kan til og med stikke hovudet inn i den massive konstruksjonen – medan det vert spelt på. De får leike med BIT20 Ensemble sine to unike musikkverktøy, appen BITWaves og trommemaskina BITBox. Opplev korleis det høyrest ut når ei trommemaskin møter orgelet, og form lyden av våpenhuset med kreative lydmanipulasjonar.
Bergen sentrum:
I Bergen sentrum blir det pop-up-orgelkonsertar på Jernbanestasjonen, Bystasjonen, Torgallmenningen og Bryggen. I tillegg blir det opne orgelgalleri og klokketårn i Johanneskirken på høyden og Bergen domkirke i Kong Oscars gate. Orgelspelande born frå heile Noreg deltek saman med vaksne organistar, og publikum får høve til å prøve instrumenta.