Arrangement

Eventyr i parken Det suser i sivet.jpg

Teater i Nygårdsparken: Det suser i sivet

Det er duka for storslått piknikk i dyreriket!

Møt den forsiktige Moldvarp, den sjølvsikre Rotta, gamle Herr Grevling og den heilsprø småkongen Padda. Opplev ein dag som skulle starte så flott og roleg, men som fort vert farga av Paddas fart, sprell og heilsprø påfunn!
Vi inviterar inn i universet til “Det suser i sivet”, den britiske barnebok klassikaren av Kenneth Grahame, og byr på ei morosam og koseleg utandørs teateroppleving for store og små.​​​

Passar frå 3-8 år
Varigheit: ca. 1 time
Oppmøte: ved kaféen i øvre del av Nygårdsparken.
Framsyning i Nygårdsparken:

Forestillinger under teaterfestivalen Bergen Fringe Festival 2025:

Lørdag 30. august kl 15 og 17:

a med familien, pakk piknikkorga og bli med på eit teaterbesøk ute i det grøne – der alt kan skje!


OM EVENTYR I PARKEN
Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som skaper unike, utandørs kulturopplevingar for barn og unge. Vi produserer og turnerer eigne framsyningar, og tek også eventoppdrag. Eventyra våre kan dukke opp overalt – på skular, i barnehagar, på festivalar, gatemarknader, i skogen, i smau – og på stader vi endå ikkje har oppdaga.

Vi vil at alle skal få oppleve teaterglede. Difor er vi eit oppsøkande teater, og vi legg vekt på at framsyningane våre skal vere rimelege å delta på. Dette får vi til takka vere støtte og gode samarbeidspartnarar – tusen takk til alle som gjer det mogleg å halde eventyret levande!

Kompaniet vart etablert i 2018 av Cosmina Alexandra Giurgiucanu, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna og Thomas B. Brandt. I dag blir det leia av Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen og Thomas B. Brandt, saman med eit nettverk av dyktige lokale kulturaktørar som brenn for å skape opplevingar av høg kvalitet i møtet mellom kultur og natur.

Billetter Fra kr 50. Betal det du kan. Gratis under 2 år. Mer info og billetter her