
Teaterrotta fortel: Den vesle bygda som gløymde at det var jul
Det lir mot jul og menneska er travelt opptekne med å stelle alt i stand, gåver skal pakkast, graut kokast, sko pussast … Teaterrottene har budd på huset i mange, mange, mange år, og dei passar godt på å halde seg skjult i kulissane. Men, det å skulle vere usynleg er ikkje alltid like kjekt, særleg ikkje når du mest av alt har lyst til å feire jul saman med andre, og det vil teaterrottene Pernille og Jeppe. Bli med dei på ei superduperhemmeleg førjulsstund der dei fortel om den kjende historia om "Den vesle bygda som gløymde at det var jul" av Alf Prøysen.
Ved Lina Taule Fjørtoft og Toivo Fjose
Ca. 40 min. Alder: fra 4 år
Lørdag 29. november kl. 14.00, Fana kulturhus, Småsalen