Arrangement

Badnajazz søndag 24.3.24.png

Badnajazz: Hala og pappa, med Rasmus Rhode og Marte Valle

På veg heim i romskipet sitt må Hala og Pappa nødlanda på ein framand planet. Her er alt ukjend, og dei er både redde og engstelege i møte med trolla som bur der.

Etter kvart finn dei ut at trolla kanskje ikkje er så ulike dei sjølve, sjølv om det kanskje ser slik ut. Kjem Hala og Pappa seg nokosinne heim? Kva skjer når Pappa får skinnvest og tennissokkar? Og kva skal eigentleg til for å finna seg ein ny heim?

Denne badnajazzkonserten handlar om å måtta laga seg eit nytt liv på ein framand stad, sjølv når du eigentleg ikkje vil, om det å måtta læra om andre sine liv, språk og kulturar – og om kor fint det kan vera å finna seg sjølv i eit nytt og uventa fellesskap.

Dette er eit bestillingsverk av Rasmus Rohde (kjend frå Rasmus og Verdens beste band) og Marthe Valle. Familieførestillinga høver for born mellom 4-100 år!

Medverkande:

Rasmus Rohde – komposisjon, tekst, gitar og vokal

Marthe Valle – komposisjon, tekst, vokal og tangentar

Annlaug Børsheim – fele oggitar

Nawar Alnaddaf – oud

Nasra Ali Omar – perkusjon

 

 

Sjå https://vossajazz.no/program/ for heile programmet.

 

 

Du kan kjøpa festivalpass til Badnajazz!
Born under 2 år gratis.