48396936_1172524596250269_566853954139324416_n.jpg
01. juli 2020

På reise gjennom julebyen-Bergen (2)

Barn i Byen går på oppdaging i julebyen Bergen – på jakt etter julestemning. Vårt andre stopp er «Julemarkedet i Bergen».

Tekst og foto: Renate Rivedal

Julemarkedet i Bergen er raskt blitt ein attraksjon og kanskje også ein tradisjon for enkelte.

Og på ein måndagsettermiddag er det fullt i folk som vandrar rundt i bodene, et, snakkar, ler og handlar. Det luktar brent bål og brente mandlar. Det er kaldt i lufta, men varmt rundt bodene. 

Bli med på vår første reise gjennom julebyen-Bergen her

Det fyrste som møter ein er ein liten klassisk hestekarusell med vakre malte hestar og varmt, gult lyst. Her er det fleire av dei yngre gjestane som tar turen. Lenger borte ser ein det store pariserhjulet. Her kan ein bli løfta høgt til værs og oppleve både julemarknaden og Bergen sett frå fugleperspektiv.

Saken fortsetter under bildet. 


Billedtekst: Julekarusell. En gammeldags karusell skaper ekte julestemning. 

Pariserhjul og glaserte eple
– Pariserhjulet er det aller beste med julemarknaden, det er klar tale frå Lasse (9) og Sindre (6).

Saken fortsetter under bildet. 


Billedtekst: Lasse og Sindre er glad i pariserhjulet. 

Også Anette og Rebecca har tatt turen til sentrum for å oppleve julemarknaden saman med Lucas (10), Sebastian (8) og William (10). Også blant denne gjengen ser det ut til at pariserhjulet skårar høgt.

Saken fortsetter under bildet. 


Billedtekst: Julegjengen. Anette og Rebecca har tatt med seg Lucas (10), Sebastian (8) og William (10).

– Pariserhjulet var det kjekkaste, særleg når det stoppa opp på toppen, seier Lucas.

Dei andre gutane stemmer i, men som nummer to på lista kjem dei glaserte epla i frå ein av bodene, dei var i ein eigen klasse. Etter ein rask prat fortar gjengen seg vidare, dei skal nemleg vidare og sjå Grinchen på Bergen kino.

Belgiske vafle, meksikanske burritos eller franske crèpe?
På marknaden finnes ein eigen juletreskog der ein kan handle årets juletre og andre grøne saker ein kan pynte med i desember. Her er det også ei varmestove der ein kan sitte inne med noko varmt i koppen mens ein kikkar ut på travle juleshopparar. For julemarknaden er fullt av bode der ein kan handle glaserte eple, belgiske vafler, ullklede, smultringar, churros, handlaga sjokolade, ost, gatekunst, franske crèpe, julepynt, meksikanske burritos, oliven, science fiction bøker, raclette, tang og tare. For å nevne noke. 

Saken fortsetter under bildet. 


Billedtekst: NAM! Bergenske glaserte epler. 

På julemarknaden i Bergen kan du bli freista til å handle julegåver til både deg sjølv og andre. Men det er og ganske so koseleg å berre kjøpe seg ein gløgg, ein churros og ta seg ein tur i pariserhjulet. 

Ekte julestemning!

 

Andre Artikler