Pepperkakebyen_2502.jpg
01. juli 2020

På reise gjennom julebyen Bergen

Barn i Byen går på oppdagelser i julebyen Bergen – på jakt etter julestemning. Første stopp er verdens største pepperkakeby.

Tekst og foto: Renate Rivedal 

Kvart år sidan 1991 har barnehagar, skular, ulike firma og mengde av frivillig deltatt for å lage Noregs finaste og største Pepperkakeby. Barn i Byens utsendte har ikkje vore i Pepperkakebyen på fleire år, og gler seg stort!

Det aller fyrste ein legg merke til når ein kjem inn er lukta av pepparkake. Heile det gamle sentralbadet luktar julestemning lang veg. Lyset er dempa, og når ein kjem inn til det største rommet, blir ein møtt av pepperkaker i alle variantar og størrelsar. Her er det kjente og kjære og det fjerne og ukjente. Her er Nordnes Sjøbad, Statsraad Lemkuhl, det er tipiar, det er ein Fjordline Ekspressbåt og til og med eit luftskip som heng i frå taket. Og til og med Edvard Grieg sitt kjære Troldhaugen er laga i pepperkake frå yst til innerst. Så fint!

Saken fortsetter under bildet. 

Foto: PEPPERKAKE-BRYGGEN. Oppdag din egen by i Pepperkakebyen. 

Førstemann vi møter er Molly (27) som har bursdag i dag. Ho er på Pepperkakebyen for å filme små animasjonsfilmar som ho delar på sin eigen Youtubekanal. Ho meinar dei særskilte kulissane i Pepperkakebyen gjer seg godt på film.

Ein gjeng frå Minde Barnehagen kjem hoppande bortover gangen, Anne Kari som er vikar her, har sitt fyrste møte med Pepperkakebyen, sjølv om ho har budd i Bergen i 8 år. Ho er einig med Hava (3) at Statsraaden var den aller stiligaste. Mens Rawa (3) likar toget aller best.

Patrick (3) har tatt seg fri frå barnehagen for å vere med mormor Randi på bytur. Dei har rett og slett tatt seg ein skikkeleg kosedag. Og frå Patrick er det klar tale: «Eg likar alle saman!»

Eg går vidare innover i byen, lenger borte lyser månen gul og rund. Her ser eg Blomsterpaviljongen, julemarknaden på Festplassen med Pariserhjulet og der borte er jo Grieghallen!

Ariela er i Pepperkakebyen saman med besteforeldra som er komen på besøk heilt i frå Irland. Dei synest Pepperkakebyen er heilt fantastisk, og seier at neste desember må dei ta med seg sine to barnebarn frå Irland på besøk til Pepperkakebyen også.


Foto: BESØK FRA IRLAND. Ariela er i Pepperkakebyen sammen med besteforeldre fra Irland. 

Akasia Nykirken barnehage har også tatt turen til Pepperkakebyen i år, Vetle (5) meinte at han hadde både sett og høyrt Nykirken, og synest den var aller finast. Mens Aleksandra (6) og Syvert (5) har både sett Ninjago og Captain America. Men alle var einige med Ingrid (3) at toget kanskje var det aller aller beste. 

Dei vaksne i Akasia Nykirken barnehage er også imponert over Pepperkakebyen, både timane som er lagt ned og mengda. Og synest at stemninga det gir å gå rundt her er det beste, det at ein kikke ned i gatene i byen, og sjå inn i dei små smuga. Kjenne igjen fine bygningar frå sin eigen by.

Ein får rett og slett lyst til å bu her!

Andre Artikler