Snømann mobil.jpg
19. februar 2025

Sporlaust forsvunnen

Tekst: Mai Vabø
Illustrasjon: MidJourney/Barn i Byen

Ein sein vinterkveld etter fleire dagar med kraftig snøfall lyste vêrmeldinga mot oss: No skal det snu. "Til pokker med mørkret, senga og tidleg jobb i morgon! Vi må ut i snøen før regnet kjem!" Velkommen til Bergen, der "Carpe Diem" handlar mest om å gripe dagane mellom dei 244 nedbørsdagane i året. 

Skia vart gravd ut frå garasjeloftet, spent på akkompagnert av nokre velformulerte gloser i lyset av lommelykta. Og turen vart episk. Iskrystallar glitra, Orion på sitt høgdepunkt, og månen som kasta lys over eit landskap heilt utan spor. Skispora våre og hjorten sine fotefar var det einaste som avslørte liv utanfor bilvegen.

I mine barndomsdagar (ja, heile 20 år sidan) var snø meir enn eit vakkert teppe – det var eit lerret for ugagn, englar og kunst. No ser det ut som ei neglisjert fargebok som skrik etter litt barndomsentusiasme og farge. Dalande snø var ein invitasjon til leik og latter. Vi måtte ut, uansett kva.

Nabolaget avslørte ingen eventyrlystne skiløparar, ei heller akebrett som noko meir enn blå og raud veggdekor utanfor garasjeporten - racerbilmarkeringane som eit ironiens merke på pensjonisttilværa. Eit joggeskospor avslørte snarvegen frå buss til dør. Det var som ein påskekrim på melkekartongen: "Sporlaust forsvunnen - Kan Ulf Ulvheim løyse mysteriet med dei sakna snøborna?"

Eg klødde meg i hovudet. Har born bytta snøballer med tommegymnastikk på spelkonsollar?

Kanskje ein må starte snøkampen heime før ein marsjerer ut og krev at nabolaget skal våkne. Bonusborna mine er sjølv fanga av skjermene. Å rope dei til mat krev eit 5-trinns varslingssystem. Sjølv 8-åringen som tidlegare har skulle bli både langrennsløpar og skøytedansar er låst fast i den digitale verda til i-Paden..

Ein vinterintervensjon var naudsynt. Eg erklærte unntakstilstand, lova episke snøkampar, ingen leggetid og snømenn og snøhuler der kun fantasien sette grenser. Eg sende dei til og med på dør for å invitere med alle naboane, eit sikkert teikn på at galskapen hadde totalt tatt overhand. Ein ringer ikkje på dørene til folk lenger.

Nabolaget vart eit vintersirkus – snøballkrigar, store fort, snømenn med tvilsam stil. Sjølv tenåringen klaga når natta tok over, men vinteren var redda.

Borna sit att med minner frå den kvelden då snøen tok over. Lyden av latter fylte lufta – den autentiske gleda som berre kjem når du kastar forsiktigheit (og snøballar) til vinden. Det treng ikkje meir enn litt initiativ. Og å gripe dagane mellom regnbygene.

 

 

 

Andre Artikler