BIB-logo (Høy kvalitet).jpg
07. mars 2024

Saman er vi sterkast

Lederteksten

Kjære lesar, her er vi igjen. Takk til deg. Takk til alle som støttar, les og deler sakene våre. Takk til alle som bruker kalenderen og sprer ordet til Barn i Byen. Takka vere deg er vi her enno.
Takk sjølvsagt også til Bergen kommune, som tok tak i saka vår og fekk bevilga nok støtte til at vi kan halde fram med arbeidet vårt. Å dele entusiasme for byens kulturliv, spre ordet, og gjere det lettare å delta aktivt som barnefamilie, er viktig. Vi er glade for å kunne halde fram vidare.
Det er styrke i samhald. I å stå saman om noko, og å verne om kvarandre. Solidaritet. I helga som var var eg heldig nok til å delta på foredrag av Dr. Mads Gilbert, der han snakka mykje om dette. Om korleis vi kan skape endring i ei verd der alt for mykje vondt stadig vekk skjer. Får lov til å skje. Om at gjennom solidaritet og medkjensle, og å sjå kvarandre, kan vi skape håp.
Det er lett å kjenne på det vi kallar for “omsorgstretthet”. Meir krig, stadig meir liding og ei verd som kan kjennest som om den går baklengs. Men du, og eg, og alle kan kjempe mot trettheten ved å løfte blikket. Ved å invitere inn til samtalar og varme. Slik vert vi mindre aleine.
I denne utgåva får du møte lesehunden Mie, og jobben hennar. Ho besøker barn og voksne med lesevanskar, og hjelper dei slik at høgtlesinga går lettare. Ingenting er betre enn ein stor og god hund som skapar varme og ro, er det vel? Du kan også lese om barnebokprisen 2023, og om forfattar Ragnhild Holmås som nyleg vann Brageprisen for boka si.
Her i Barn i Byen forsøker vi alltid å vise fram ulikskapar. Å hylle at vi alle er forskjellige. Enten det gjelder å snakke med Hans med ADHD på side 34, eller å utforske kinesisk nyttår - som høyrer til ein heilt annan kultur enn vår egen. Vi er alle ulike, og heilt spesiell på vår eigen måte. Men står vi saman, og feirer kvarandre istadenfor å distansere og differansiere oss, kan vi utrette mirakel.
Har du ein venn du kan gjere ein forskjell for? Ein venn du kan stille ekstra opp for, og snakke med? Invitere heim til leik og aktivitet? Ja, eg skriv til dei voksne også. Mange av oss er for flink til å stenge dørene og trekke for gardinene. Lær av borna, og inviter nokon heim på ein kopp kaffi. Kanskje du finn fellesskap i delte erfaringar og kjensler.

Mai Vabø
Redaktør

Andre Artikler