H36A0064.jpg
07. mars 2024

Å bli Billy Elliot

Dei skal spele 11-årige Billy Elliot, som får livet snudd opp ned når han ein dag snublar over ein ballettklasse på veg til boksetreninga. Forestillinga er vårens storsatsing på DNS, og kvar kveld skal det vere over 400 publiummarar i salen.

Tekst og foto: Ylva Fyllingsnes

- Vi har øvd ilag allereie eit år på å danse. Gutane fullfører sidemannen sine setningar, og verkar å kjenne kvarandre ganske så godt. Eg sit med Fredrik (11), Christian (12) og Josva (13). Det nærar seg premiere og dei skal snart stå på Hovudscenen på Den Nationale Scene.

Når ein do er scenografien 

- I dag drog dei inn ein do på scenen… Josva ser på Christian.

- Du fann ein dø edderkopp oppi der, ler han.

- Ja, det var litt ekkelt, men den var sikkert berre oppi der fordi den hadde stått ein støvete plass lenge. No er den vaska, så det blir sikkert ikkje fleire, seier Christian med overbevisning i stemma -  kanskje mest for seg sjølv. Då eg lurar på kven som skal sitte på den doen, svarar dei tre gutane med eit glis;

- Det er oss! Men den er inne i eit avlukke altså, så du ser berre buksa på føtene våre, legg Josva raskt til. 

Sterk for å danse ballett? 

Då eg spør kva som har vore det mest overraskande med å skulle øve til Billy Elliot må dei tenkje seg om for første gong.

- Eg hadde ikkje fått med meg at vi skulle danse så mykje, eg. Men no har dette liksom blitt høgdepunktet på dagen. Fredrik ser på dei andre to, som nikkar seg einig. Josva har blitt støl på stadar han ikkje visste om at han hadde!

- Eg trur nok at dei som ikkje har prøvd ballett kan tru at det er nokre enkle greier. Men no kan eg bli heilt satt ut av å sjå dei danse i Nøtteknekkeren, for eg veit kor vanskeleg det er å få til det der!

Christian seier seg einig med Josva;

- Ja, det kan liksom sjå ut som ein må vere sterkare for å drive med basket for eksempel. Det kan eg berre seie – ein må vere skikkeleg sterk for å verkeleg lære seg ballett! Christian driv med begge delar, han veit dette no. 

Å vere saman om det 

Men korleis er det eigentleg å vere tre som deler same rolla, lurar eg på?

- Det som er fint er at den eine ofte veit kva den andre føler, etter ei tilbakemelding frå regissøren eller ei scene der noko går feil, seier Christian. Josva nikkar.

- Ja, det hjelper å vite at det er ein annan som går gjennom det same. Det var jo litt spesielt i dag då vi fekk mygg på og lyden gjekk ut i salen og alt vi sa blei så høgt, synes Josva. Alle tre har framleis myggen på. Christian løfter opp mottakaren til myggen sin.

- Ein blir jo litt shaky av å gå rundt med denne på seg. Tenk om lyden går på Hovudscenen no då! Eller når eg er på do – det hadde vore flaut! Alle er heilt einige i det.

- Men dei som har lyden veit jo når dei skal skru ned, då, heldigvis. Og skulle noko skje framfor publikum så veit jo ikkje dei i salen heilt korleis det skal vere uansett, legg Christian til.

Eit år utanom det vanlege:

Det gutane sjølv skal gjere kan dei ganske godt no. Gjer dei ein feil så hjelper det dei å hugse det betre til neste gong. Dei har øva, øva og øva. Har det eigentleg blitt tid til så mykje anna? Skule? Venner? 

Fredrik likar å spele gitar og svømme, men det blir det nok meir av om nokre månader, når førestillinga er ferdig. Josva berre øver. Han synes dette året har vore det kjappaste nokosinne. Christian fortel at skule gjer han i helgene for tida, og Fredrik nikkar.

- Akkurat i dag var det berre ein time skule før eg måtte på prøve. Men i starten av denne veka måtte eg skrive ei oppgåve på 400 ord etter prøve. Fredrik ser ut som han framleis blir ein smule sveitt av tanken. Dei synes likevel dei har lært mykje den siste tida, berre andre ting enn dei gjer på skulen.

- Eg veit jo no meir om korleis eg kan fortelje ting til andre, seier Christian. Josva fortel at han har blitt meir kjent med kroppen sin og kva den kan gjere.

- Det er kjekt å ha nye måtar å bevege meg på. Eg trur eg kjem til å ta med meg litt frå alt, dei eg har møtt, dansen, måtar å spele på.

Fredrik har øvd mykje på å vise kjensler på ein måte som gjer at andre kan kjenne seg att i dei, og Christian legg til at dei spelar litt ulikt alle tre.

- Så her kan du gå på teater mange kveldar, så får du noko nytt kvar kveld!

Dei andre to ler. 

Skal spele for over 16 000

No er det altså berre veker til premiere og gutane er litt spente. Det blir eit kick å få publikum, trur Josva. 

Når eg lurar på kven dei gler seg aller mest til å få i salen, så svarar Josva mora; ho har øva replikkar med han, men han trur likevel ho ikkje anar alt han skal gjere på scenen.

Fredrik sine to storebrør spelar også i framsyninga, men han håpar den eldste broren hans kjem, han er i militæret no, så det er ikkje bombesikkert at han får det til.

Christian gler seg til vennane hans kjem og ser.

- Det er nok litt vanskeleg for dei å skjøne kva eg eigentleg driv å øver på heile tida. Dei ser det jo eigentleg først når dei sitt der og er publikum. Håpar alle kjem! 

Når det heile er over 

Men no er klokka blitt fire og dagen til gutane er ikkje ferdig enno - dei skal inn igjen på prøve. Eg lurar litt på om dei føler dei går på jobb når dei går inn dørene til teateret. Men det er dei supersnare til å svare på;

- Eh, nei. Dette er jo kanongøy! Svaret er synkront. 

- Det blir jo litt tomt når det er ferdig, trur Fredrik.

- Eg trur eg kjem til å berre ligge i senga, nokre dagar iallfall. Og så skal eg vere med venner.

- Eg skal bake og male, seier Josva. Og spele meir teater og danse! Det vil dei alle tre.

Faktaboks

Billy Elliot kom ut som ein britisk spelefilm i 2000. Det blei ein kritikarrost suksess, og Elton John skreiv ein musikalversjon av historia, som er oversett til norsk.  Musikalen er no sett av nærmare 12 millionar på verdsbasis.  

Historia er sett til eit gruvesamfunn på 1980-talet, der faren til Billy ikkje vil bruke pengane sine på at sonen går på ballett.  Billy held derfor skjult at han held fram med å ta ballettimar. 

Billy Elliot går på DNS denne våren, og er anbefalt fra 8 år og oppover. Forestillinga er eit samarbeid med Fyllingsdalen teater.

 

Andre Artikler