Friare enn eit friminutt
Tekst: Kristi Guldberg Foto: Christoffer Møgster
– Eg har ikkje gått glipp av ein einaste gong! stråler Golestan (10). Ho sit i sola utanfor dei raude brakkene på Elvetun og ventar på at juniorklubben snart skal opne.
– Det har vore ein enorm pågang sidan me starta opp i midten av september, seier Lisbeth Moen og Christoffer Møgster. Dei er aktivitetsleiarar på den nye juniorklubben på Elvetun i Loddefjord.
– Me har mellom 30 og 40 barn innom kvar gong. Det er høgt energinivå, og to intense timar når alt står på, men veldig gøy! Det har vore ein bratt læringskurve for oss, og me er framleis i ein utprøvingsfase der me testar ut kva som skal til for at det skal fungere best mogleg, men me er veldig godt nøgde så langt.
Saken fortsetter under bildet.
Foto: Jakker, sekker og bordtennis i eit herleg virrvarr.
Action i aktivitetsrommet
– Kvar har du vore? Me jentene ville vere med deg!
Lisbeth var sjuk før haustferien, og har vore sårt sakna. No får Golestan henne med på ein bordtenniskamp. Ein gjeng svoltne og oppstemde gutar ramlar inn døra, og eit virrvarr av sekkar, gymbag’ar og jakker tårnar seg opp på benkane langs veggen. Etter å ha fått stadfesta at fårepølsa berre inneheld får og geit, går brødskiver og frukt ned på høgkant. Ingen har tid til å sette seg ned for å ete, her er alt for mykje gøy å finne på!
– Det er kjekt å gjere noko anna enn å berre spele fotball, seier Sindre (12), som ironisk nok er midt i ein fussballkamp.
Det som er så fint med Elvetun er at du kan bestemme så mykje sjølv, det er så fritt.
– På trening må ein berre gjere det trenaren seier. Her kan du bestemme sjølv, og gjere det du har lyst til. Sjølv likar Sindre best aktivitetsrommet, med bordtennis, biljard og fussball.
– Det er mest gøy å gjere noko aktivt saman med andre – game kan eg jo gjere heime.
Saken fortsetter under bildet.
Foto: På juniorklubb kan du sjølv bestemme kva du skal gjere. Aktivitetsbordene er populære.
Kreativitet på verkstadrommet
– Veit de kva som nærmar seg? spør Christoffer.
– Halloween! ropar barna.
– Og jul, kjem det tørt frå ein av gutane, som haustar latter frå resten av gjengen.
Om to veker skal dei ha Halloween-fotoshoot, og då treng dei skummel dekor. Lisbeth samler ein gjeng til idémyldring på verkstadrommet.
– Kanskje det blir ei utstilling av bileta etterpå, seier ho.
Saken fortsetter under bildet.
Foto: Sikrar du deg ein «Gruppe 1»-button, får du game i 20 minutt.
– Utstilling?! Sånn som foreldra må komme på?
– Neida, meir som ein fest der me kan sjå på bileta, forklarar Lisbeth. Arka på bordet er snart fylde med graskar, spindelvev og spøkelser.
Eit annleis fritidstilbod
Milano (11) bur berre eit steinkast unna, og synes det er topp å kunne gå hit rett frå skulen.
– Dei har god mat, gode gaming-PC’er, og så er det mykje å finne på her. Eg liker at me kan ta bilete, teikne og male, høyre på musikk, eller lage ting.
I dag sikrar Milano seg ein button merka med «Gruppe 1», og stikk inn på gaming-rommet. Ein button gir nemleg 20 minutt speletid, eit system dei har innført for å unngå krangling om PC’ane, og som har skapt betre flyt og meir ro i gruppa, kan Christoffer fortelje.
Det er kjekt å gjere noko anna enn å berre spele fotball.
– De må jobbe med å få gutane til å gjere andre ting; dei spelar alt for mykje og gløymer å gjere lekser! mener Amanda (11) som prøver å overtyde Lisbeth om at gutane treng å stramast opp. Sjølv får ho tid til både fotballtrening og juniorklubb to gonger i veka.
Saken fortsetter under bildet.
– Det er gøy å vere saman med andre, kome seg ut og finne på noko. Elvetun er annleis enn andre fritidstilbod, meiner Amanda.
– Går du på fotball eller handball, så trener du for å bli god. Her kan ein berre ha det gøy. Det einaste du må bli god på her er å akseptere andre, ler ho, og hintar til det kraftige støynivået fra gutane ved biljardbordet.
– Det som er så fint med Elvetun er at du kan bestemme så mykje sjølv, det er så fritt. Til og med friare enn friminutta på skulen, for der er det fleire reglar. Her kan me gjere nesten kva me vil, så lenge me er greie med kvarandre.
FAKTA:
Elvetun juniorklubb:
Stad: Elvetun ungdomshus, Loddefjord
Opent: måndag og onsdag kl. 14–16
Juniorklubbar er kommunen sine opne møteplassar for gutar og jenter mellom 10 og 13 år. Klubbane ligg tett på heim og skule ute i bydelane, og her møter borna engasjerte aktivitetsleiarar med kompetanse innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Gjennom aktiv medverknad får barna vere med å forme innhaldet på sin klubb. Alle er gratis og drop-in.
Her finn du andre juniorklubbar i Bergen:
Flaktveit juniorklubb (Åsane)
Stad: Flaktveit skole, Flaktveitsvingane 17.
Opent: Tysdag og torsdag kl. 17.30-20.30.
Rolland juniorklubb (Åsane)
Stad: Rollandshallen, Åslia.
Opent: Måndag og onsdag kl. 17.30–20.30.
Sofus kreative verksted (Årstad)
Stad: Ulriken bydelssenter, Landåsveien 31.
Opent: Måndag kl. 15.30–18.30.
Ytre-Arna juniorklubb (Ytre-Arna)
Stad: Ytre Arna kulturverksted, Kulturhuset Sentrum, Peter Jebsens veg 4.
Opent: Tysdag og torsdag kl. 16–18.30.
Læringsrommet (Loddefjord)
Stad: Loddefjord bibliotek, Iskanten.
Opent: Tysdag og torsdag kl. 14–18 og
fredag kl. 14–16.30.