shutterstock_1022578780.jpg
15. januar 2021 Publisert første gang i Barn i Byen - Bergen nr. 89/2020

Med lupe på tur

Sjå lyst på mørketida.

Alt har ikkje gått som det skulle denne hausten.

Tekst: Lars Haugen Aardal. Ill.: Shutterstock

Me skulle eigentleg vore på ferie i eit anna land i haustferieveka. Det er det nok mange som deler med oss i år. Me måtte også avlyse overnatting hjå venneparet i Stavanger på grunn av rennande nasar i begge leirar. Bakruta på bilen vart knust i garasjen her om dagen. Eg hadde ikkje sikra skuffa som eg kjøpte på Finn godt nok i hylla, og det er utruleg kor mykje kraft det er i eit spisst hjørne. Eplehausten me hadde gledd oss til i Sogn, vart altfor kort på grunn av rognebærmøll-mark. Pappa grov eit hol i hagen og fylte det opp med eple som ikkje egna seg som mat. Me har ikkje møtt lærarane til fyrsteklassingen vår ansikt til ansikt enno, på grunn av smittefare. Det har vore vanskeleg å planleggje langsiktig undervisingsopplegg for klassane mine – ein veit aldri når ein har elevane fysisk til stades i klasserommet.

Det er likevel mykje bra rundt forbi!
Skulestarten for eldstemann har vore bra etter forholda, og lesemotivasjonen er ekstra høg. Me har fått god kontakt med klassekameratane i nabolaget, og er sosiale innanfor kohortet. Familien har vorte hekta på sopplukking, og me har tulla rundt fleire timar i skogen rundt om byen fire-fem helger på rad. Alle er einige om at det er velbrukt tid, og me har nok umami-smak i form av tørka sopp til resten av året! Gangen vår er nymåla rosa og trapperommet har også fått eit strøk. Me har gomla heimedyrka sukkererter og gulrøter heile hausten, og ventar spent på å hauste rødbetene.

Supermanndrops
Eg trur mange er som oss og ser med litt blanda kjensler på tida som har vore, og kanskje heller ikkje gler seg så voldsomt til at det vert kaldare, mørkare og «meir på lista» utover vinteren. Ein kan håpe på at sola alltid skin, at ungane alltid er blide og motiverte for frisk luft, og at ein alltid finn på gode aktivitetar, eller har leikekameratar som lettar presset på å finne på ting sjølv, men ein treng ikkje ei avansert datamaskin for å finne ut at ein bør planleggje for nokre dagar der det ikkje er så kjekt å vera saman, eller der turen ut vert ekstra lang. På sånne dagar tykkjer eg det er innanfor å tilby ein velsmakande belønning! Supermanndrops til den bratte bakken, kakao eller ein kopp med nudlar og varmt vatn på termos, eit yoghurtbeger eller ein pose popkorn er godt å ha i sekken – det gjer stor forskjell for motivasjonen å ha noko å gleda seg til.

Følg med!
Det er også framleis spennande ting som skjer i naturen, sjølv om det går mot vinter og det grøne tek seg ein pause og ventar på lysare tider. Fleire insekt og dyr er ekstra aktive no rett før vintertid, og det er gode moglegheiter for å sjå augestikkarar ved skogsvatn, maur som er ute på dei siste sanketurane eller mus som fyller opp matlagera sine.

Visste du også at det er fleire dyr som går i dvale på vinteren? Frosk, humler, pinnsvin og hoggorm er dyr som kan senke prosessane i kroppen til eit minimum, ned til to-tre hjerteslag i minuttet og kroppstemperatur rett over frysepunktet, og overleve i fleire månader utan mat! Bjørnen, som kanskje er det dyret ein tenkjer på fyrst når ein snakkar om å sove seg gjennom vinteren, går ikkje i dvale, men i vintersøvn, og søv gjerne fleire dagar i strekk. Eg tykkjer det er bra at mennesket ikkje er laga slik – tenk kor vanskeleg det hadde vore å stå opp tidsnok til skulen på ein måndag etter å ha sove seg gjennom heile helga!

Kom deg ut, nyt turen og følg med på vegen.


FAKTA:

Lars Haugen Aardal er far til to gutar som har det aller best når dei kan vera ute, i all slags vær. Han jobbar som naturfagslærer ved International School of Bergen, og er glad i å bruke naturen både på jobb og fritid, åleine og saman med familien.

Andre Artikler