Tjuven_bredde-1536x864.jpg
10. desember 2020

Anmeldelse: Pølsetjuven

Stilistisk, minimalistisk og sjarmerande Pølsetjuv!

Av: Renate Rivedal

Det drypp ned utanfor, grå haust, grå gater, grå bygning, men på innsida av DNS på Lille Scene er stemninga høglytt og varm. Og ingenting er lenger grått, men i kledeleg svart og kvitt.

Ikkje for sarte barnesjeler
Men den gode stemninga vert sporenstreks endra med ein gong stykket startar. Alt 5 minutt inn i stykket må det første barnet kaste inn handkleet, hylskrikande tek han med seg bestemora og forlet teateret. 

For det her stykket er ikkje for sarte barnesjeler – det handlar nemleg om Kjell på 7 år som er oppvaksen med ein pappa og ei bestemor som stadig er ute på tokt, på tokt for å stele! Kjell kjem nemleg frå ein lang rekke med tjuvar, og familien har sjølvsagt lagt store planar for at Kjell skal ta opp familieæra og bli ein tjuv, han også. 

«Alt kan og må stelast» er mottoet for den beinharde familien. Men Kjell vil ikkje vere tjuv, han har heilt andre draumar enn som så. Og då resten av familien ynskjer at Kjell skal rundstele si bestevenninne, Pølse Pia, må Kjell bestemme seg for kven han ynskjer å vere. Kan ein både vere tjuv og ein god ven? Svaret er ikkje enkelt når alle rundt ein meina at ein bør vere på ein viss måte. 

Openberring 
Pølsetjuven tar oss med på ei morosam og tidvis skummel reise gjennom Kjell si verd. Scenografien gir stykket eit ekstra løft, og kan tidvis nærast minne om om klesdesignar Edda Gimnes sin strek. Kulissane spelar ein heilt sentral del i Pølsetjuven, og eg har sjeldan opplevd ein så spontan latterkrampe frå både meg sjølv og ein gjeng med barn rundt meg som når den eine veggen i stykket skifta om, og Pølsefamilien sin heim openberr seg. 

I tillegg til effekten av lys og mørke, svart og kvitt, og vittige lydar og musikk stiller Pølsetjuven viktige spørsmål: Kan ein eigentleg bestemme seg for kva og kven ein ynskjer å vere? 

Stort hjarte
Stykket Pølsetjuven gir eit rungande JA til både barn og vaksne i det her morosame og hjartevarme teaterstykke – og eg anbefala alle barn mellom 3 og 7 år og ta med seg foreldre, søsken, onklar eller bestemor på stykket. 

Her kan ein oppleve eit finfint alternativ til NAV, pølsedans, eit nydeleg Olav H. Hauge-deklamerande nynorsk troll, spanske fluer og ein moral med stort hjarte som passar både store og små. Tenk å oppleve noko så fargerikt i svart kvitt! 

 

Andre Artikler