Barnelørdag med jubelblues
Jubelblues – konsert med snert
Good Time Charlie har stort engasjement for bluesmusikk. Med konsertkonseptet Jubelblues speler bandet blues for barn i alle aldrar. Musikken er i kjent GTC stil – energisk «rhythm and blues». Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, dans og fri fantasi.
Jubelblues er for små og store – her kan alle i salen delta!
Good Time Charlie har lenge vore aktive med å spreie blå musikk til eit yngre publikum, og gav i 2013 ut Noregs første bluesbaserte barneplate på dialekt – «Draumeblues og blåsus» og i 2015 kom “Jubel og Skrubbsår”.
Foto: Frontfigur i Good Time Charlie, Arle Hjelmeland, fanger sitt yngste publikum under konsert.
Good Time Charlie består av medlemmene:
ARLE HJELMELAND sang, munnspel STEINAR KARLSEN gitar, sang EINAR OLSSON trommer, sang MORTEN SKAGE bass, sangArle