Kaptein Sabeltann og den magiske diamant_still.jpg
01. juli 2020

Anmeldelse: Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant

Sabeltann i ny drakt

Tekst: Lars Haugen Aardal

Det er ei stund sidan familien vår hadde sin store Kaptein Sabeltann-periode, og sjørøvaren har ikkje vore inne på spelelistene på biltur eller regntunge helgedagar. Dette kjem nok til å endre seg etter at me såg “Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant”. Tekstane er gjenkjennelege, men på same måte som med Hakkebakkeskogen har melodiane vorte fornya og omgjort til meir “episke” og moderne sangar. 

Kunne ha vart lenger

Sangane vert også naturleg til høgdepunkt i filmen, som godt kunne ha vart lenger. Dette er ein tendens for fleire av dei store augneblinka – det hadde nok vore fordelaktig for filmen å dra høgdepunkta litt ut. Nokre av scenene i filmen følest som at dei er ferdige før dei er i gang, men det er mange nok slike små høgdepunkt til at ein ikkje vert skuffa. Pinkys sang og Sjørøversang er to av dei beste!

Historien i filmen er kjent. Den magiske diamant kan oppfylle alle ønsker dersom ein ønsker under fullmånen, noko som vert utprøvd med varierande hell av karakterane i filmen. Alt Magha Khan vil er å tåle sola, men han er villig til å utføre mykje ondskap for å oppnå det. Etter at Marco stel diamanten frå Magha Khan vert han funnen av Pinky, og historien endar i ei dramatisk jakt etter ønsker med sverdkamp og flammekasting.

I ny drakt

Qvisten animasjon, studioet som har animert fleire filmar i det siste, ser ut til å ha funne ei god oppskrift i å relansere gode barnehistoriar i ny drakt. Dette fungerer veldig bra for å skape eit truverdig og visuelt imponerande univers, og gjev også moglegheit for overdrivelsar som ein vanskeleg kan få til med ekte skodespelarar. Det er ein god blanding av skumle karakterar og situasjonar, små drama, rolege scener og god gamaldags “rare fjes”-humor som slår godt an for femåringen min og dei fleste andre i kinosalen. 

Den store helten

Sjølv om han er, som alltid, fremst i tittelen på filmen, er det ikkje Kaptein Sabeltann som er hovudpersonen. Sunniva, Pinky og Marco er sterke og gode karakterar som driv filmen framover i samspel med resten av figurane. Ein kjenner att mange av dei kjente og kjære karakterane som Langemann, Pelle og Pysa og Kokken. Magha Khan er ein solid karakter med passeleg ondskap og dumskap. Kaptein Sabeltann er likevel den store “helten”, også i animert utgåve. Han har eit annleis uttrykk enn resten gjennom heile filmen og viser slik at han er smartare og tenker lenger enn alle andre – noko som også kjem fram heilt til slutt i filmen. Kaptein Sabeltann får alltid viljen sin!

Terningkast 5!

 

 

Andre Artikler