nøkkelbarnabib.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen-Bergen nr. 81/2019

Nøkkelbarna

«Hei, det er fru Andersen som ringjer. Nå er dei i gang igjen her utanfor, og dei gir seg vel ikkje før dei knuser ei rute. Kan du be dei slutte?»

Tekst: Hege Rognøy Fossåskaret Illustrasjon: Nhu Diep

Eg kjenner eit stikk av dårleg samvit. Eg er på jobb og skal vere der ei god stund ennå. Ungane er heime åleine, i fri flyt utan tilsyn og tilrettelagte aktivitetar. Og nå må gamle fru Andersen gripe inn. For ei skam. 

Det var langt mellom nøkkelbarna i nabolaget då fru Andersen var ung. Då var det mødrer i kvart kjøkkenvindauge som kunne rope ut med fast stemme at ungane skulle gi seg med ballspelet mens leiken var god. 

Sjølv var eg ein av dei som gjekk med husnøkkelen om halsen. Hos venninnene mine var mødrene alltid heime, husa var alltid ryddige, og middagen stod klar på bordet når «han far» kom frå arbeid. Likevel var det heim til meg me gjekk etter skulen. Huset var stort og tomt og litt kaldt å låse seg inn i. Men det var der me ville vere. Åleine på eit gult kjøkken med blomstrete tapet og lyse knekkebrød frå Wasa. Eg kan framleis kjenne den knasande smaken av brunost og valmuefrø og den gode følelsen av fridom.

Eg flytter telefonen til andre handa og kjem til å tenkje på den dagen sonen min skulle gå heim åleine frå skulen første gongen. Det var ein stolt og spent gut som gjekk heimanfrå. Den nye nøkkelen blenkte på bringa. Ikkje lenge etter skuleslutt begynte storesystera, som venta heime, å bli uroleg og gjekk for å møte han langs vegen. Straks han såg henne ropte han i sinne og vifta henne bort; «Gå vekk! Ikkje kom og hent meg! Eg skulle jo gå heim åleine!»

Huset utan vaksne og tida utan timeplan kan vere ein oase for ungane.

«Me kvir oss ikkje akkurat til du skal komme heim, men det er herleg å ha huset for seg sjølv ei stund,» svarer ungane mine då eg spør korleis dei synest det er å vere åleine heime kvar dag. Same svara fekk sosiolog Brita Bungum då ho i 2008 intervjua barn i familiar der både mor og far var i full jobb, om korleis dei opplevde timane utan foreldre. Bungum fann ingen triste og einsame nøkkelbarn. Tvert i mot kjente barna i studien seg store og stolte når dei fekk ha regien over seg sjølv nokre timar på ettermiddagen. Tida utan vaksne var eit kjærkoment pusterom: 

Foreldre i vestlige land blir stadig mer opptatt av barnas sikkerhet i det offentlige rom, og barnas hverdag blir i større grad avgrenset til spesielle aktiviteter og lokaliteter som kan være under konstant overvåking og kontroll av voksne (…) Kanskje er det slik at denne tiden etter skolen uten voksne til stede representerer et lite frirom i en barndom som stadig blir mer organisert og styrt av voksne.

Tanken streifar meg: fyller me kveldane med organiserte fritidsaktivitetar for å kompensere for timane då ungane er åleine med knekkebrødet? Er det av omsut for barna eller for mitt omdømme som mor at eg avbryt leiken i gata for å ta ungane med på kulturskule og idrettslag? Rett nok var dei gamle nabodamene mine heime då ungane kom frå skulen, men dei hadde ikkje almanakken full av treningstider, handballkampar, konsertar og juleavslutningar.

Eg takkar fru Andersen for at ho ringte, senkar skuldrene og lar skamkjensla fare. Huset utan vaksne og tida utan timeplan kan vere ein oase for ungane. Dei lærer å meistre på eiga hand, dei hjelper kvarandre, dei kranglar og vert vener igjen, og dei lærer seg å finne det som måtte vere av god mat i huset. 

Og heldigvis har me framleis nabokoner som bryr seg når det trengs. 


Kilde: 

Brita Bungum: «Med nøkkelen rundt halsen – barns opplevelser av mødres og fedres arbeidsliv»Sosiologisk tidsskrift 02/2008 (volum 16).

Hege Rognøy Fossåskaret har tre barn og bur på Løvstakksiden. I heile barndommen var ho eit nøkkelbarn, utan å ha teke synleg skade av det. 

 

 

 

 

 

Andre Artikler